– Ein person blir tiltalt etter svart sal av laks

Over tid skal eit betydeleg kvantum laks frå verksemda på Sunde ha blitt seld mot kontant betaling. Ein person blir no tiltalt, melder Intrafish, ein nisjenettstad som skriv om sjømatnæringa. (Arkivfoto).

Over tid skal eit betydeleg kvantum laks frå verksemda på Sunde ha blitt seld mot kontant betaling. Ein person blir no tiltalt, melder Intrafish, ein nisjenettstad som skriv om sjømatnæringa. (Arkivfoto).

Det melder IntraFish.no torsdag.

DEL

I løpet av neste veke vil etterforskinga av svart sal av laks frå Alsaker Fjordbruk sitt slakteri på Sunde bli avslutta og saka sendt over til jurist for påtale, skriv nettstaden.

– Det står igjen eit avsluttande avhøyr, men eg reknar med at saka blir sendt til jurist i løpet av neste veke. Det er då opp til jurist å avgjera om det blir tiltale eller ikkje. Det blir nok tatt ut tiltale, men truleg på mindre enn volumet som er meldt av selskapet. Det må avgjerast saman med jurist. Vi må vurdera kva som kan bevisast og ikkje, fortel Kjell Idar Vangberg i politiet til IntraFish.

Han er strafferettsansvarleg i Geografisk driftseining Hordaland.

Det gjekk lenge rykte om at det hadde skjedd ulovleg sal av laks frå Viking Fjord-fabrikken på Sunde. Og i oktober kom meldinga om at Viking Fjord AS hadde meldt saka til politiet.

Ein tilsett slutta på dagen då det blei kjent, ifølgje pressemeldinga som blei sendt ut.

På spørsmål om det er fleire enn éin mistenkt i saka, svarar Vangberg:

– Det er ein person som er meldt av selskapet, og per no er det ingen andre som ser ut til å kunne bli sikta i saka. Om det skal takast vidare etterforskingsskritt mot eventuelle andre personar, må vi eventuelt sjå på seinare, seier Vangberg til nettstaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags