Gå til sidens hovedinnhold

Tok med seg motstanden til formannskapet

15. august 2019, kl. 17:39

Kommunestyresalen vart trong torsdag ettermiddag, då aksjonsgruppa "Nei til vindmøller i Kvinnherad!" tok plass. Dei tok med seg bodskapen frå demonstrasjonen utanfor rådhuset i Rosendal inn i formannskapsmøtet. Før formannskapsmøtet tok til overleverte aksjonsgruppa eit 13 sider langt forslag til høyring til kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik. - Folkemeininga er einsidig nei, seier Annemor Ekeland i aksjonsgruppa.