Selde lopper for å koma seg til turnering i utlandet

DUGNAD: Sju av jentene på laget som arrangerte dugnad: Hanne Lene Tofte, Martha Saghaug, Anniken Røssland, Kristine Eikemo Røstbø, Frida Nilsen, Sofie Solheim Sjo og Anna Krossøy.

DUGNAD: Sju av jentene på laget som arrangerte dugnad: Hanne Lene Tofte, Martha Saghaug, Anniken Røssland, Kristine Eikemo Røstbø, Frida Nilsen, Sofie Solheim Sjo og Anna Krossøy.

Artikkelen er over 2 år gammel

Jentene på Trio sitt J-17-lag i volleyball står verkeleg på for å koma seg til Estland.

DEL

I april skal dei 10 jentene på laget reisa til Estland for å spela turnering. Dei var i same landet for nokre år sidan, men då deltok dei ikkje i noka turnering.

At det er akkurat Estland dei skal til, er ikkje heilt tilfeldig. Trenar for laget er Sille Tars, som kjem frå Estland.

Lage skal delta i ei internasjonal turnering i Pölva, men det kostar pengar, og då treng laget inntekter.

I helga arrangerte dei loppemarknad på Husnes, og alt då marknaden opna var det tett med folk innom, og jentene var nøgde med tilstrøyminga.

– Vi gler oss veldig til å reisa tilbake til Estland, og det blir spennande å få spela kampar der, seier dei ivrige jentene.

Laget har drive mykje dugnad den siste tida, og dei håpar inntektene frå loppemarknaden kan føra dei eit stykke på veg til landet i aust.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags