Først ute med nynorsk

Slik ser dei festlege jakkemerka frå mållaget ut.

Slik ser dei festlege jakkemerka frå mållaget ut.

Artikkelen er over 4 år gammel

Kvinnherad kommune har ein fin verdsrekord frå 1885 å sola seg i. Kommunen var den aller første som vedtok at nynorsk skulle vera det offisielle språket.

DEL

Det er Kvinnherad Mållag som har rota fram denne stolte historia. 130 år etterpå synest mållaget at dette skal markerast på skikkeleg vis. Torsdag vedtok kommunestyret å takka ja til mållaget sitt tilbod om å laga ein språkbruksplan i høve jubileet. For kommunen er den gratis. Mållaget stør seg på andre mållag og utarbeidar ein eigen plan for språkbruken i Kvinnherad kommune. Gaute Lund er den sentrale personen lokalt. Vi spør han kva ein slik språkbruksplan kan innehalda.

– Det er snakk om å laga retningslinjer for kommunal målbruk, både på rådhuset, i skulane, barnehagane og helsesektoren. Dessutan tek vi med nokre praktiske språktips, fortel Lund.

Mållaget tilbyr òg eigne språkkurs for kommunalt tilsette.

– Trengst dette?

– Ja. Nynorsk er eit minoritetsspråk som treng å styrkast og forsvarast på alle måtar. 130-årsjubileet er eit godt høve til å gjera det, og ein eigen plan for målbruken er eit bra verktøy. Faktisk er det noko mange andre kommunar alt har, fortel Lund.

Jakkemerke

I høve det stolte jubileet har mållaget fått laga to ulike jakkemerke, eller buttons, som det heiter. På den eine typen står det «Eg kjem frå Kvinnherad», og på den andre «Eg kjem frå Kvinnherad – verdas fyrste nynorskkommune». Dei populære knappane vart delte ut til politikarane under kommunestyremøtet sist torsdag. Mållaget har òg hatt stand med kakeservering ute blant folket, og over nyår er fleire aktivitetar planlagde. Kvar av barnehagane vil få tildelt 10 nynorske barnebøker som gåve frå Kvinnherad Mållag.

Fjelberg først

Kvinnherad Mållag har funne fram til at Stortinget vedtok at bokmål og nynorsk, eller riksmål og landsmål, skulle vera jamstelte målformer 12. mai i 1885. Alt i desember same året gjorde heradsstyret i Fjelberg kommune vedtak om at landsmål skulle brukast «ved all Brev- og Bokføring i Heradsstyrets Tenesta». Det som då var Fjelberg kommune har frå 1964 vore ein del av Kvinnherad kommune.

– Det er all grunn til å vera stolt over at Fjelberg var så raskt ute, så dette må markerast, helsar Gaute Lund i mållaget.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags