Kvinnherad Breiband fekk Målblomen for 2019

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Under årsmøtet i Kvinnherad Mållag i Uskedalen tysdag vart Kvinnherad Breiband tildelt Målblomen for god og medviten bruk av nynorsk i arbeidet sitt.

DEL

Målblomen har blitt delt ut årleg sidan 1999 til firma som har gjort seg fortent til dette heidersteiknet gjennom god bruk av nynorsk i lysingar og annan kommunikasjon.

Kvinnherad mållag ønskjer å arbeida for eit godt og tenleg forretningsmål på nynorsk. Dette vert mellom anna gjort ved å hjelpa og stimulera verksemder og organisasjonar til å bruka nynorsk i lysingar, marknadsføring og elles i alt skriftleg tilfang internt og mot kundar og brukarar. Som ein lekk i dette arbeidet deler mållaget kvart år ut målblomen.

Kvinnherad Breiband er ei lokal bedrift i eit område der nynorsk er det naturlege skriftspråket. Det er difor viktig for dei å nytta nynorsk både i forhold til eigen identitet, og Kvinnherad Breiband som merkevarenamn. Dei har som mål at all kommunikasjon ut til kundar skal vera nynorsk. I tillegg brukar dei nynorsk i eigenproduserte artiklar som dei nyttar på heimesida si. Til intern bruk står dei tilsette fritt til å bruka den målforma som er naturleg for dei. Dette har Kvinnherad mållag merka seg, og dette er noko av bakgrunnen for at Målblomen 2019 vart tildelt Kvinnherad Breiband.

Det var leiar i Kvinnherad mållag, Kristian O. Bringedal, som stod for overrekkinga, medan Arne Torget tok imot blomen som det synlege teiknet på heideren. Torget takka på vegne av mottakaren og gav tydeleg uttrykk for at breibandsselskapet sette stor pris på utmerkinga. Han kunne fortelja at dei arbeidde svært medvite med nynorskbruken og også bruk av dialekt. Dei samarbeidde også med andre breibandselskap for å gjera dette best mogeleg. Kvinnherad Breiband var svært glade for at andre la merke til dette arbeidet og sette pris på det.

Arne Torget avslutta takkeorda sine med å framføra sitt eige vakre dikt «Eika» som han skreiv til eit Hjartefred-arrangement for nokre år sidan.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags