Dimmelsvik Bil AS er tildelt Målblomen, heiter det i ei pressemelding.

– Målblomen 2018 går til Dimmelsvik Bil, ei tradisjonsrik verksemd i Kvinnherad. Kvinnherad mållag har i lengre tid merka seg verksemda si positive haldning og bruk av nynorsk, og det i ein bransje som for det meste nyttar bokmål i si profilering og marknadsføring, skriv Kvinnherad mållag.

På spørsmål frå Kvinnherad mållag vert det stadfesta at:

  • Dimmelsvik Bil nyttar Nettstaden Standard Toyota, men med nynorsk som målform
  • Dimmelsvik Bil brukar Standard Toyota skiltplan på nynorsk, truleg som den einaste Toyotaforhandlar i landet
  • Dimmelsvik Bil lagar sine eigne papirannonser på huset på nynorsk. Annonser frå Toyota, som til dømes gjeld nybil, vert omsett til nynorsk
  • Digitale annonser frå verkstaden vert laga lokalt på nynorsk. Dette gjeld både banner og søk. Det same gjeld digitale annonser bilsal.
  • Facebooksida vert adminstrert og skriven på nynorsk. All annonsering på Facebook er på nynorsk
  • All skriftleg kommunikasjon, som verksemda har påverknad på, vert skriven på nynorsk

– Denne grunngjevinga vitnar om eit språkleg medvit som fortener ros og heider. Dimmelsvik Bil er eit føredøme for andre verksemder i same bransje, står det i pressemeldinga.

Kvinnherad mållag har sidan 1999 tildelt Målblomen til verksemder og organisasjonar i Kvinnherad som over tid nyttar seg av nynorsken.