Gå til sidens hovedinnhold

Nynorsken held stand

Artikkelen er over 2 år gammel

99 prosent av grunnskuleelevane i Kvinnherad har nynorsk som opplæringsmålform.

Tal frå kommunen fortel at det i inneverande skuleår er 1646 elevar. 1631 av desse har nynorsk som opplæringsmålform, 15 har bokmål. Dei femten utgjer 0,9 prosent.

I tabellen kan ein sjå utviklinga dei fire siste skuleåra. Sektorleiar Anne Sofie Bjelland Kjeka oppsummerer det slik:

– Elevtalet i grunnskulen går gradvis nedover år for år. Mest alle elevane våre har nynorsk som opplæringsmålform. Eit stabil lita gruppe vel bokmål.


Skuleår Elevtal Nynorsk Bokmål

2018/19 1646 1631 15

2017/18 1683 1674 9

2016/17 1698 1687 11

2015/16 1730 1718 12


Kommentarer til denne saken