Det er fredeleg og godt i sola på Sæbøvik. Eit eldre par frå Haugesund spylar båten etter morgontur på sjøen og fangst av ein torsk og tre flyndrer. Litt lenger borte ligg det to båtar til, også frå Haugesund, der damene strikkar og solar seg, medan ein av karane greier garn. Han sender lange blikk bort på dei to som har hatt fiskelukke.
Ingen av dei har vore på båttur til Sæbøvik før, og skryt over at det er ein nydeleg plass. Alle er einige om at det burde reklamerast betre for denne gode hamna med mange fasilitetar. Dei har høyrt rykte om at det er fiskefestival her om sommaren, og den vil dei garantert venda tilbake til.
Stilla blir broten i dét tre glade bergenserar kjem ut på flytebrygga. Trym Trovik og Kjersti med sonen Lars Kvamme er ivrige etter å ha påskehandla sjokolade og vårblomar i ein av dei lokale butikkane.
– Og så har me kjøpt oss is som raskt må koma i fryseboksen! ler Kjersti.
Vårsola er sterk for både is og auge, så her er det berre til å hoppa i briller og båt for å susa over til Fjelberg der feriehytta ligg.
På bubilparkeringa var det tysdag forholdsvis stille med berre fire parkerte bubilar. Men til gjengjeld var dei skikkeleg påskepynta, med høner og hanar på frontglaset til dandering høgt og lågt i salongane.