Totalt er det snakk om sju pasientar som er innlagd på sjukehus i Helse Fonna-området. Seks er i Haugesund, og ein på Stord sjukehus.

Ein av pasientane (+65 år) får også intensivbehandling. Vedkommande ligg på Haugesund sjukehus.

I helga er det også registrert eitt nytt koronarelatert dødsfall i Helse Fonna. Det er det sjette koronarelaterte dødsfallet sidan pandemien starta, og vedkomande låg på Haugesund sjukehus, står det.