Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Kvinnherad – ukjent smitteveg

Kvinnherad kommune melder måndag morgon om eitt nytt påvist smittetilfelle i kommunen.

– Eit fåtal nærkontaktar, uviss smitteveg. Vedkomande testa positivt etter å ha reist offshore, skriv kommunen på nettsida si.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland fortel at den nærmaste familien er i karantene. Dei blei testa med hurtigtest søndag, og testa alle negativ. Måndag skal dei testa seg igjen med PCR-test.

Opland har nokre teoriar om kor personen kan ha blitt smitta. Han utelukkar heller ikkje at vedkomande kan ha blitt smitta utanfor Kvinnherad kommune på veg til jobb.

15. april var førre gong kommunen melde om ein positiv covid-19-test i Kvinnherad.

Les også

Dei nærmaste naboane til brannen: – Brannvesenet er heltane våre

Kommentarer til denne saken