Nytt smittetilfelle i Kvinnherad

Måndag melder kommunen om at ein person har testa positivt for covid-19 i Kvinnherad. (Illustrasjonsfoto frå arkivet).
Kvinnherad kommune opplyser på nettstaden sin måndag ettermiddag at det er påvist ny covid-19-smitte i Kvinnherad.
Smittesporing er gjort og nærkontaktar av vedkomande blir følgde opp, står det.
Kommuneoverlege Glenn André Opland fortel til Kvinnheringen at dei fekk meldinga om den positive prøven i 13-tida måndag.
– Smittesporing er gjort og eg føler vi har ganske god oversikt, seier Opland i 15-tida.
Nærkontaktar blir testa i løpet av tysdagen, og det gjeld ikkje veldig mange, opplyser han.
Kommentarer til denne saken