Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Kvinnherad

Situasjonen er oversikteleg, melder kommuneoverlegen.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland fortel til Kvinnheringen at det nye smittetilfellet som blei kjent laurdag, er ein nærkontakt til eit allereie kjent smittetilfelle i ein annan kommune. Smittesporing er utført.

– Det nye smittetilfellet er ein person som er busett i ein annan kommune, men som for tida oppheld seg i Kvinnherad. Personen er allereie i karantene, så det er ein oversikteleg situasjon, seier han.

– Så dette smittetilfellet er ikkje ein som har vore på festival i helga?

– Nei, det er det ikkje, seier han.

Kommentarer til denne saken