Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle

Kommuneoverlegen meldte onsdag kveld om eitt nytt smittetilfelle i kommunen med ein god del nærkontaktar.

Tilfellet blei først registrert på Kvinnherad kommune sine heimesider torsdag morgon.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland fortel til Kvinnheringen at det er snakk om 10 til 15 nærkontaktar, men at all smittesporing no er ferdig.

– Men vi er ikkje heilt sikre på kor denne smitten kjem frå.

Opland legg til at alle nærkontaktane er i karantene og skal testast i dag. Det skal heller ikkje vera nokon som er pålagt ventekarantene medan desse får svar på testen.

Ikkje overraska over auke

Vi spør kommuneoverlegen kva han tenkjer om den komande tida.

– Det er ikkje godt å seia, men det har vore mykje turistar her og folk har vore meir samla no enn før. Sånn sett blir eg ikkje veldig overraska om det blir fleire tilfelle av smitte den neste tida.

Han legg til at han så langt ikkje har mottatt bekymringsmeldingar om for mykje folk samla.

– Men eg har sett at det har vore mykje folk. Det er viktig at vi no held fram med å tenka på dette med smittevern, sjølv om vi nærmar oss sol og sommar, og fleire og fleire er vaksinerte. Innbyggjarane må framleis testa seg ved symptom.

Bildeserie

Stor demonstrasjon i Omvikdalen – slo ring om skulen

Les også

800 rosebuskar måtte bytast ut etter ein kald vinter

Kommentarer til denne saken