Nytt tilfelle av covid-19

Kvinnherad kommune melder torsdag om eit nytt smittetilfelle.

DEL

Personen som er smitta sat likevel i karantene frå før, og det er dermed ikkje naudsynt med smittesporing, opplyser kommunen på nettsida si torsdag.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland stadfestar overfor Kvinnheringen at tilfellet har samanheng med smitteutbrotet ved Kvinnherad vidaregåande skule for nokre veker sidan.

– Det er slik sett ikkje overraskande, seier Opland.

– Forventar de framleis fleire smittetilfelle som følge av KVV-smitten?

– Det begynnar å bli ei stund sidan no, så eg kan ikkje seia at vi forventar det, men det vil heller ikkje vera overraskande om nokon av nærkontaktane får påvist smitte, seier kommuneoverlegen.

Talet på personar som har fått påvist covid-19 sidan pandemien starta, og som er heimehøyrande i Kvinnherad, er med dette oppe i 31.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken