Nyutdanna Ida (22) kjente seg fort heime i nabofylket: – Har ikkje noko ønske om å flytta herifrå

Ida Grønstøl Hauge flytta til Førde for å studera. No har 22-åringen fått seg fast jobb og elles funne seg så godt til rette i Nordfjordeid, at ho ikkje har nokon umiddelbare planar om å flytta tilbake til Kvinnherad.