Storjobb til lokalt selskap

Her støyper Byggservice fundament for eit målepunkt som blir ein av referansane for det som skal skje av oppmåling under Hydro Husnes-utbygginga. Elisabeth Rosland frå Betongvarer Dimmelsvik styrer sementen, medan Byggservice-karane Kurt Reidar Jegteberg (midten) og Roald Rusten ser til at fundament-forskalinga blir fylt skikkeleg opp ved hjelp av vibrasjonar.

Her støyper Byggservice fundament for eit målepunkt som blir ein av referansane for det som skal skje av oppmåling under Hydro Husnes-utbygginga. Elisabeth Rosland frå Betongvarer Dimmelsvik styrer sementen, medan Byggservice-karane Kurt Reidar Jegteberg (midten) og Roald Rusten ser til at fundament-forskalinga blir fylt skikkeleg opp ved hjelp av vibrasjonar. Foto:

Byggservice AS har fått eit Hydro-oppdrag som er større enn det største til no.

DEL

Det er god stemning hos Byggservice på Sandvoll for tida. Selskapet har nyleg skrive kontrakt med Hydro Husnes på eit arbeid som skal starta i desember og vera ferdig i september neste år. På det meste vil 30 mann vera engasjerte, medan snittet ligg på 22 arbeidsfolk i drift dagleg i heile 10 månaders-perioden, inkludert folka som jobbar for underleverandørane.

Byggservice har i tillegg vore engasjert sidan juni med eit anna stort arbeid for Hydro Husnes, også det i samband med oppstart av b-hallen. Det skal vera ferdig i desse dagar. Frå juni til no har 10–12 personar vore i dagleg arbeid ved Hydro Husnes, om lag halvparten eigne folk og den andre halvparten folk i sving for Byggservice sine underleverandørar.

Dagleg leiar Fred Nilsen og prosjektleiar Sigthor Ari Sigthorsson er strålande fornøgde.

– Aldri har vi hatt ein større jobb!


Mange ulike jobbar

Del 1 av oppdraget, det som skal vera ferdig i desse dagar, omfattar planering av fleire uteområde som ulike andre selskap kan bruka i samband med jobbar for Hydro, for eksempel til å plassera brakker på eller parkera maskinar og utstyr på. Vidare har selskapet laga ein solid innkøyringsrampe i nordre enden av b-hallen. Her kan store køyretøy ta seg rett inn i hallen. Rampen er godt synleg, det same er ein rubbhall som er bygd, og som skal brukast til diverse lagring. I tillegg har selskapet hatt arbeid med ein del mindre betongkonstruksjonar.

Del 2 av jobben, den som startar i desember, omfattar nytt kompressorbygg, grunn- og betongarbeid til ein ny omn i støyperiet, opparbeiding av eit område der ei ny sag skal plasserast og tilrettelegging for ny stasjon for badknusar og kjølebelte.


Lokale underleverandørar

Til både del 1 og 2 har Byggservice underleverandørar med på laget, alle lokale selskap. På første delen av arbeidet har Into Røyr, Into Elektro, Hauge Transport, Leganger Maskin og Sandvoll Entreprenør vore underleverandørar.

– Vi kjem til å bruka lokale selskap også i arbeidet som startar i desember, opplyser Nilsen.

– Kor viktige er desse oppdraga for Byggservice?

– Veldig viktige, særleg det som vi snart skal begynna på. Vinteren er vanlegvis ei roleg tid med kamp om jobbane, men denne vinteren kan vi sjå lyst på, seier Nilsen og Sigthorsson.

– Ligg det mykje arbeid bak?

– Det kan vi ikkje nekta for. Det er tidkrevjande å rekna på jobbane, og nokre gonger har vi rekna på delar av det same som underleverandør til andre selskap. Men om det er mykje arbeid, er det absolutt verd det, slår prosjektleiaren og den daglege leiaren fast.


Vinn-vinn

– Betyr jobbane mykje for stemninga på jobb?

– Absolutt. Vi er alle glade, letta og optimistiske. Selskapet har fått eit skikkeleg løft. Mange er sjølvsagt også glade for at dei slepp å reisa på jobbar i andre kommunar ei stund. Vi fekk ein nedtur i samband med krisa i oljebransjen, derfor har vi bak oss ein periode der vi har konkurrert om jobbar i heile landet. Vi må nok det seinare òg, men i månadane som kjem har vi fullt opp å gjera på Husnes, fortel Nilsen.

Han ser òg fordelar som går på lokal kompetanse.

– Gjennom slike oppdrag tileignar vi oss ny kompetanse, som igjen styrker konkurranseevna vår. For Hydro er det dessutan ein fordel at kompetansen finst i lokalmiljøet. Vi er her etterpå òg, om det skulle vera noko, det same er underleverandørane vi brukar. Så dette er utan tvil ein vinn-vinn-situasjon, konkluderer Fred Nilsen med.

Artikkeltags