– De som skal driva kommunen vidare står overfor ei gigantisk utfordring

REDD FOR FRAMTIDA: – De som skal driva kommunen vidare står overfor ei gigantisk utfordring, sa Svein Ingvald Opdal (MDG), etter at alle seksjonane og sektorane hadde fortalt om sine utfordringar.

REDD FOR FRAMTIDA: – De som skal driva kommunen vidare står overfor ei gigantisk utfordring, sa Svein Ingvald Opdal (MDG), etter at alle seksjonane og sektorane hadde fortalt om sine utfordringar. Foto:

Etter at alle sektorleiarane og økonomisjefen i kommunen hadde gått gjennom stoda for budsjettet i 2019, var ikkje alle politikarane like positiv til framtida.

DEL

Kvinnherad kommune har ganske mykje ubrukte lånemidlar, grunna at det går seint med investeringar, kunne Mogren fortelja. Det er også fleire av dei prosjekta som ligg inne i investeringsbudsjettet for 2019 kommunen ikkje har kapasitet til å gjennomføra, og som derfor er utsett til 2020.

– Så er det veldig spesielt med denne bustadpakken. Vi får ikkje selt bustadane som blir bygd. Det er synd at det skal ligga inne 12 millionar til investering i det då, sa Mogren, og oppmoda politikarane til å ta ei vurdering på om dei skulle byggja meir, eller la vera.

I 2019 har kommunen 240 millionar kroner til investeringar, og låner 187 millionar, minus dei ubrukte lånemidlane.

– Renta vi skal betala av den totale lånegjelda er 33,9 millionar kroner, sa Mogren.

Etter orienteringa til alle sektorleiarar og økonomisjefen var Svein Ingvald Opdal (MDG) ganske pessimistisk til framtida.

– Eg er pensjonist, men de som skal driva kommunen vidare står overfor ei gigantisk utfordring. Vi slit med å få inntekter og folk, og vi har over 700 millionar i fond, så vi er utsett for ein risikosport, sa Opdal.

Leif Sverre Enes (H) var, som vanleg, ganske positiv til utstiktene, og såg ikkje på utfordringane som uovervinnelege. Det var også Ove Lemicka (Frp). Medan Hege Lægreid Røssland (SF) meinte at det var mykje realisme i det Opdal sa.

– Vi må ta innover oss at vi må sjå på nye løysingar. Vi kan ikkje bygga oss ei utvikling, men må ha inn nye meiningar, sa Røssland.

Artikkeltags