Økonomisjefen om føreslått produksjonsavgift: – Vil gi meir føreseielege inntekter

FØRESEIELEG: Dersom ordninga med produksjonsavgift blir innført, vil det gi meir føreseielege inntekter for kommunen.

FØRESEIELEG: Dersom ordninga med produksjonsavgift blir innført, vil det gi meir føreseielege inntekter for kommunen. Foto:

Havbruksfondet kan gi store utbetalingar til kommunane, slik vi såg i 2018. Samstundes er desse inntektene usikre, og vanskelege å berekna på førehand. No har regjeringa føreslått ei ny ordning.

DEL


Økonomisjefen peikar på at denne ordninga vil gi meir føreseielege inntekter, sjølv om utbetalinga i snitt truleg vil gå noko ned.

I 2016 blei Havbruksfondet oppretta, til glede for kommunane som legg til rette for oppdrettsnæringa.

Inntektene til fondet kjem frå tildeling av ny kapasitet, der 20 prosent går til staten og 80 prosent til kommunane.

I forslag til revidert nasjonalbudsjett har regjeringa føreslått å innføra ei produksjonsavgift der kommunar og fylkeskommunar frå 2022 skal få 40 øre per kilo produsert fisk. Samla produksjonsavgift er rekna til 500 millionar kroner årleg.

Samstundes vert då utdelinga frå Havbruksfondet redusert frå 80 prosent av nye løyvingar til 25 prosent.

Vi har spurt økonomisjef Niels Jakob Erlingsson om kva dette vil innebera for Kvinnherad dersom forslaget blir vedteke.

Ifølgje prognosen hans vil Kvinnherad kommune då motta 12,5 millionar frå Havbruksfondet og 8,471 millionar kroner i produksjonsavgift, altså til saman nesten 21 millionar kroner i høvesvis 2022 og 2023.

I 2020 og 2021, medan ordninga enno vil vera som i dag, har kommunen budsjettert med 14,5 millionar kroner per år frå Havbruksfondet. Dette på bakgrunn av at regjeringa føreslår å dela ut éin milliard kroner til kommunar og fylkeskommunar frå Havbruksfondet fram til den nye ordninga trer i kraft frå 2022.

Medan kommunen i 2018 fekk utbetalt heile 40 millionar frå Havbruksfondet, fekk den i 2019 berre 6.956.000 kroner. Dei store forskjellane frå år til år kjem mellom anna av at delar av midlane berre blir utbetalt anna kvart år.

– Ut frå prognosane dine ser det ut som om vi får litt meir i årlege utbetalingar med den nye ordninga?

– I snitt er det forventa at utbetalingane til Kvinnherad vil gå noko ned frå tidlegare utbetalingar, men desse vil bli jamnare og meir føreseielege. I revidert nasjonalbudsjett er det budsjettert med inntekter frå auksjonar og sal av kapasitet på 5,1 milliardar. Hadde dagens ordning blitt vidareført, hadde kommunen motteke 58 millionar kroner, dersom regjeringa får rett i sin budsjetterte inntekt til Havbruksfondet, seier økonomisjefen.

Han legg til at det er nokre føresetnadar i prognosane han har vist til.

– Dei mest usikre faktorane er kva utbetalingane blir i 2022 og 2023. Det vil avhenga av salsinntektene frå auksjonar i desse åra, seier Erlingsson.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken