OPPDATERT: Arrangementet på Bar 5460 fredag kveld er avlyst.

I mars hadde Broch kurs i ølsmaking for rundt 30 deltakarar, som fekk smaka seg gjennom totalt ni ulike typar øl, både norske og utanlandske: surøl, kveiteøl, pilsner, blonde, saison, stout, NEIPA (New England India Pale Ale) og pale ale. No gjentar han og 5460 suksessen, og Broch kjem med ti nye øl i ulike stilartar som kursdeltakarane skal få smaka. I tillegg til mykje godt øl, får dei høyra historiene om bryggeria og stilartane.

Broch har lang erfaring med alkohol, og blei faktisk norgesmeister i bartending i 2012. I 2007 fatta han interesse for øl, og i dag driv han Haugesund Ølutsalg, der han sel 600-650 typar øl.