27 olabilar deltok i årets NM i Torshov-dalen i Oslo på laurdag. Team Kvålity frå Kvinnherad stilte med fire deltakarar: Cindy og Celina Sjøvangen-Arnevik og Hallvard og Lars Kvåle. Jentene er ganske nye i olabil-gamet, og deltok på sitt første løp i juli, Tysnesfest Grand Prix. Der vann Celina meisterskapsplassen, medan Cindy tok tredjeplassen i open klasse. Kvåle-gutane har vore med på fleire løp, og har fått flotte plasseringar dei også.
I NM var konkurransen knallhard. Ingen av kvinnheringane klarte å køyra inn i mål under minuttet, medan vinnaren køyrte på 51 sekund. Cindy (11) fekk sjetteplass i juniorklassen og Celina (13) enda på sjetteplass i seniorklassen. Hallvard (11) og Lars (13) fekk kvar sin ninandeplass i junior- og seniorklassen.
– Begge bilane, DartRod (nyast) og RatRod (den første Team Kvality bygde) var litt øydelagde, derfor blei det ikkje så høge plasseringar. Men opplegget rundt løpa var utruleg profft, og det gav definitivt meirsmak, fortel far til Hallvard og Lars, Eirik Kvåle, som var med til Oslo.
Han seier at målet til NM neste år er å stilla med mange fleir kvinnheringar.
Les også: – Lag olabil du òg, då vel!