«Team Kvålity» – best in show i NM

Jubel: Hallvard (t.v.) og Lars Kvåle gler seg over fine diplom.

Jubel: Hallvard (t.v.) og Lars Kvåle gler seg over fine diplom.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag 15. august var det NM i Olabilløp i Oslo. Lars og Hallvard Kvåle frå Sandvoll/Sunde kom dessverre ikkje på pallen, men kom likevel heim med flotte premiar. Sjå videosnutt nedst i saka!

DEL

Dei vann nemleg «best in show» for å ha bygd bilen berre av gamalt skrot, som dei sjølv seier.

Sidan vi skreiv om dei to gutane sist, har dei forbetra og finpussa kassebilen sin ein del. Den enkle ramma har no fått halvdelen av ei tønne som panser, skinnstol og betre hjulpoppheng. Bilen, som har fått namnet Rat rod, har no vore med på to løp. Første løp ut var Tysnesfest 10–12. juli. Her fekk dei førsteplass i open klasse med Lars bak rattet og andreplass i meisterklassen med Hallvard som sjåfør. Det har vore ei flott oppleving synest dei to gutane.

– Det var kjempekjekt, seier dei begge i kor.

Dei var om lag ni bilar som deltok på Tysnes. Nokre satsa på aerodynamikken og nokre på utsjånaden og underhaldningsverdi. Ein skarp konkurrent var bilen som var bygd etter Reodor Felgen si oppskrift. Det var denne bilen som rulla inn på 1. plass i meisterklassen og fekk betalt tur til NM i Oslo. Gutane fekk då augo opp for NM, og pappa Kvåle såg ingen anna utveg enn å melda dei på.

Det var ein del som måtte fiksast på bilen før NM, mellom anna måtte dei byggja om.

– Gutane er langt frå redde bak rattet så det blir ein del slitedelar. Eine dagen under treninga fekk dei beskjed om å ikkje bruka så mykje brems. Det tok dei veldig bokstavleg. Turen enda opp i eit par lange skrensespor og eit fillete hjul, seier pappa Kvåle.

Oslo-turen

Det var ei noko større utfordring dei møtte i Oslo.

– Det var mykje vanskelegare å køyra i Oslo enn på Tysnes. Det var mellom anna ein veldig skarp sving, seier Lars.

– Bana var mykje lengre og her var det ingen pit stop, slik dei hadde på Tysnes, legg Hallvard til.

Her var det òg ein del som hadde laga morosame bilar som gav publikum litt show. Dei hadde mellom anna ei redningsskøyte, ein politibil og ein brannbil.

Hallvard køyrde i Kidklassen 7–11 år og kom på fjerde plass med liten margin. Han var òg blant dei som fekk registrert høgast fart.

Lars køyrde i juniorklassen 12–17 år og kom på femteplass. Det er godt gjort til å vera gutane sitt andre løp. Dei håpar begge to på å reisa til Oslo til neste år òg, men då i ein ny bil.

God hjelp

– Vi vil takka alle som har stilt opp for oss. Nokre har sponsa og andre har laga delar til oss eller stilt med transport eller verktøy. Det er vi utruleg takksame for! Det har òg vore kjempekjekt med alle som har følgt oss på Facebook. Det gjev ein ekstra motivasjon til å gjera ein god jobb, seier Kvåle.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags