Opnar ølutsal om to veker

Margit Lund-Mikkelson ser fram til å få øl frå Mykle Mikrobryggeri ut på marknaden. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Margit Lund-Mikkelson ser fram til å få øl frå Mykle Mikrobryggeri ut på marknaden. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Artikkelen er over 3 år gammel

29. oktober får du endeleg kjøpa og smaka på dei to lokalbrygga ølsortane til Mykle Mikrobryggeri når dei opnar gardsutsalet sitt.

DEL

Mykle Mikrobryggeri kan slå seg på brystet som Sunnhordlands første mikrobryggeri. Det har rett nok dukka opp ein konkurrent på Fitjar – «En liten øl», men der i garden er den første runden brygga hos eit bryggeri på Sørlandet. Mykle Mikrobryggeri sine første ølsortar er garantert brygga heime hos Margit og Reinhard, nærare bestemt i ein kraftig ombygd møkakjellar.

Og laurdag 29. oktober er ølet å få kjøpa på gardsutsalet på Myklebust i Omvikdalen. Frå før har dei avslørt to ølsortar dei skal lansera: «Drøsøl», eit såkalla lyst og lett kölsch-øl, og «Putlo» ein såkalla pale ale. Men sjansen er stor for at Margit og Reinhard også lanserer fleire nye øl denne dagen.Ølbryggarane kjem også til å delta på eit arrangement på Oska i Uskedalen på kveldstid same dag. Meir info om programmet kjem, lovar dei to.

Les også: Noko er i gjære hos Mykle Mikrobryggeri

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags