Desse kvinnheringane har kjøpt storparten av oljeservice-selskapet Fabricom

Ove Røssland (t.v.) har saman med Skarveland-familien, her representert ved Trond og Rune (t.h.) kjøpt opp to tredelar av oljeservice-selskapet Fabricom gjennom det nystarta selskapet sitt Handeland Industri AS. Dei fortel at dette berre er den første av fleire planlagde investeringar i tida som kjem.

Ove Røssland (t.v.) har saman med Skarveland-familien, her representert ved Trond og Rune (t.h.) kjøpt opp to tredelar av oljeservice-selskapet Fabricom gjennom det nystarta selskapet sitt Handeland Industri AS. Dei fortel at dette berre er den første av fleire planlagde investeringar i tida som kjem.

– Dette er berre den første av fleire større investeringar vi har planar om framover, seier Ove Røssland, som har investert saman med Skarveland-familien.

DEL

Ove Røssland og Skarveland-brørne Rune, Trond og Rolf Otto har nyleg starta selskapet Handeland Industri AS. Dette nystifta selskapet har kjøpt to tredelar av oljeservice-selskapet Fabricom, som er lokalisert i Stavanger, av det nederlandske, børsnoterte selskapet ENGIE Group. Den andre tredelen har forretningspartnarane Robert Norum og Mikal Løvik fått hand om gjennom selskapet Artemes Group AS.

Det siste året har kvinnheringane sett på mange aktuelle investeringsobjekt, og då sjansen om å investera i Fabricom baud seg, såg dei potensialet med éin gong.

– Vi hadde som mål å få signert kontrakten før nyttår, men oppkjøpet var komplisert og krevjande å få på plass, derfor tok det lengre tid enn vi hadde tenkt. Men vi er veldig glade for at det no er på plass, smiler Ove Røssland, som har teke seg av den prosessen.

Han skal vera arbeidande styreformann i Fabricom, og kjem til å bruka all si arbeidstid på selskapet framover, så lenge det trengst. Det betyr mykje reising, noko han er klar for. Han understrekar at kvinnheringane skal vera svært aktive eigarar, og tett på selskapet dei no har investert i.

– Sjølv om vi har base på Handeland Gard har vi eit stort nettverk med bakgrunnar som industrileiarar, entreprenørar og profesjonelle investorar med lang fartstid innanfor olje- og gassindustrien. Det gir oss eit stort nettverk og stor løfte-evne, og derfor etablerte vi saman Handeland Industri. Vi skal ikkje vera eigarar som «søv», men vera tett på og ha korte beslutningslinjer, og tilføra selskapet den erfaringa og kunnskapen vi har, legg Røssland til.

Positiv framtid for oljeindustrien

Fabricom er ifølgje kvinnheringane eit svært solid selskap, og ein av dei viktige aktørane på norsk sokkel som leverer varer og tenester til oljeselskapa som har vore på dei etablerte oljefelta over tid. Selskapet fekk ein brutal nedtur ved oljekrisa som inntrefte i 2014, og måtte seia opp mange tilsette. Med ein nederlandsk eigar var det mange utanlandske leiarar inne i bildet, og stor uvisse blant dei tilsette. Men no har ein ifølgje kvinnheringane i Handeland Industri fått kostnadane ned på eit fornuftig nivå, og er dermed konkurransedyktige. Markanden kjem tilbake, og ein har eit etterslep innanfor nødvendig vedlikehald hos kundane, som må takast ute på sokkel.

– Vi hadde ei orientering med alle dei tilsette på torsdag førre veke, og fekk ei fantastisk mottaking. No blir dei eit norsk selskap, med vestlandske eigarar, og kan vera trygge på at vi skal gjera det som skal til for å løfta selskapet. Den tidlegare eigaren tok ei avgjerd for nokre år sidan om å gå over til det grøne skiftet i forhold til produksjonen, noko som passa oss også svært godt. Det er ein positiv oppgang i oljeindustrien, den er meir realitetsorientert og robust. Norge er ein olje- og gassnasjon, og skal vera det i mange år framover, meiner Røssland.

Skarveland-brørne Rune og Trond seier dei har meir bakgrunn frå industri enn eigedom, sjølv om dei har vore mest aktive innanfor sistnemnde segment dei seinare åra.

– Fabricom sin produksjon i Dusavika er veldig lik den Skarveland Røyr hadde i si tid. Her er vi på heimebane, og såg potensialet med éin gong, seier Rune.

Skal investera meir

Røssland og Skarveland-brørne kan også avsløra at dette oppkjøpet av Fabricom berre er den første av mange investeringar for Handeland Industri framover. Dei vil ikkje ut med kjøpesum, men seier at Fabricom-kjøpet var den viktige første brikka for dei:

– Vi har lagt ein plan vi skal følgja, og vi skal byggja oss opp rundt dette første kjøpet av Fabricom. Vi kunne ikkje hatt betre fundament for satsinga vår. Pressemeldingane vil komma som perler på ei snor framover! smiler kvinnheringane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags