Gå til sidens hovedinnhold

Ølkultur og musikk i Dønhaugkjedlaren

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag 9. november kjem låtskrivaren, multikunstnaren, forfattaren, øldesignaren og bryggjaren Robert Smith-Hald til Dønhaugkjedlaren.

Robert er nok mest kjent som musikar, men i haust har han gitt ut boka «Godt Øl – Bryggerens beste råd» på Cappelen Damm forlag. Robert vil presentera boka si, fortelja og gje gode tips til korleis ein kan laga sitt eige øl. Boka har slått svært godt an, første opplag er allereide utselt, andre opplag er i trykken, og ein planlegg allereie eit tredje. Denne kvelden har Robert med seg bøker for signering og sal.

Etter boklanseringa blir det konsert med Robert der han vil presentera eigen musikk. Han er ein av Norges fremste låtskrivarar. Musikken hans er melodiøs Americana og blir samanlikna med artistar som Bob Dylan, Bruce Springsteen, Lou Reed og Neil Young.

PS: For dei som er spesielt interesserte i brygging, vil Humlepungane og Robert bryggja juleølet i Dønhaugkjedlaren laurdag morgon. Her er det høve til å vera med.

Kommentarer til denne saken