Kjem flatbrødet frå Ølve?

FLATBRØDFEST: Laurdag vert det flatbrødfest i Banken i Ølve. (Foto: Kulturnemnda).

FLATBRØDFEST: Laurdag vert det flatbrødfest i Banken i Ølve. (Foto: Kulturnemnda).

Det spør Kulturnemnda til Ølve bygdelag seg, når dei laurdag inviterer til flatbrødfest i bakstehellebygda Ølve.

DEL
Dei mange bakstehellebrota i Ølve og på Hatlestrand vitnar om uttak av slike heller frå kring 1100-talet. Dette gjer bakstehelleproduksjonen til den eldstre industrien ved Hardangerfjorden. Eksport av heller må ha vore betydeleg, noko store mengder baksteheller frå Ølve vitnar om i arkeologiske utgravingar, til dømes i middelalder-Oslo og ved Bryggen i Bergen.

Laurdag feirar ein med flatbrødsteikjing på bakstehelle frå Fuglebergsåsen, og Gerda Lise Traavik har med seg både bakstebord, kjevle og ferdige flatbrødleivar.

Flatbrødfesten går føre seg i Banken ved Dalsjøen i Ølve. Her kan ein samstundes sjå «Spor i berg», utstillinga om bakstehellebrot og gruvedrift med fotografi av Oddleiv Apneseth.




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags