Nordstoga til Hellebergshillaren

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Den eine store norske artisten etter den andre dukkar om somrane opp i Hellebergshillaren i Ølve, i år kjem Odd Nordstoga.

– Det er ei stor glede for oss at den folkekjære artisten Odd Nordstoga kjem til Ølve, og han treng neppe nokon lang introduksjon, heiter det i ei pressemelding frå John Ulvenes.

Nordstoga kom tidlegare i år ut med albumet «Kløyvd ut», som vanleg til strålande kritikkar. I vår har Nordstoga turnert med det nye albumet, og 28. juli spelar han i Hellebergshillaren for Midnattskonserten.

Med seg har Nordstoga siste skrik innan norsk salmesang- og tradisjonsmusikk, Tomra Pjolter- & Salmesangforening, som skal varma opp for han. Sangkollektivet frå Tomrefjord vart stiftet av Bjørn Tomren og Hallvar Djupvik, og dei covrar alt frå Elias Blix, Anders Hovden til Whitney Houston og Randulf Saunes. Er du svak for religiøse folketonar, strupesang, opera og jodling er dette midt i blinken for deg. Hola vil vera djup og Hillaren høg denne seinsommarkvelden i Ølve, heiter det i pressemeldinga.

For dei som ikkje veit det ligg Hellebergshillaren midt i tjukkaste skogen mellom Hatlestrand og Ølve. Den er om lag 100 meter lang og 15 meter djup. Hillaren har naturleg amfi og det har blitt laga mobile sittebenkjer. Konserten blir heilakustisk, og arrangøren lover ei helt spesiell konsertoppleving.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags