I ei pressemelding heiter det at Ølve Elektro har vore på utkikk etter ein større aktør å slutta seg til.
– LOS Elektro har kome Ølve Elektro i møte på ein slik måte som gjer at dette er eit godt val for oss, seier dagleg leiar og hovudaksjonær i Ølve Elektro, Stig Håvik.
I pressemeldinga heiter det vidare at LOS Elektro er svært nøgde med utvidinga i dette distriktet.
Ølve Elektro vart i si tid etablert av Alf Bjørkelund under namnet i Ølve Elektriske. I 1996 kjøpte Stig Håvik majoriteten av føretaket og aksjeselskapet Ølve Elektro AS såg dagens lys. Selskapet er eit reint elektro-firma og har åtte tilsette, men reknar med å auka talet tilsette i åra framover.
Synergi ved samarbeid
– Gevinsten ved å få LOS Gruppen inn på eigarsida i Ølve Elektro vil vera kompetansedeling, fellesfunksjonar, stordriftsfordelar, ISO-sertifisering og ekspansjon. LOS Gruppen har store prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Det gjer at vi i LOS Ølve Elektro også lettare kan knyta til oss nye medarbeidarar som ønskjer å ta del i alle desse spennande prosjekta, seier Stig Håvik i pressemeldinga.
Administrerende direktør i LOS Gruppen Jakob Særsten og dagleg leder Stig Håvik er frå tidlegare felles kjende og har bygd gode relasjonar gjennom blant anna styrearbeid i installatørforeningen.
– Vi har også på fleire prosjekt delt bemanning mellom LOS Elektro og Ølve Elektro, blant anna på prosjekt i Grieghallen i Bergen. Denne erfaringa har vore viktig i prosessen, seier Stig Håvik.
– LOS har som plan å veksa, og i vår egen region er vi interessert i veldrivne og seriøse aktørar som kompletterer vår eksisterande aktivitet, seier styreleiar i LOS, Arne Mæland.
Etter oppkjøpet eig Los-konsernet 52,5 prosent av selskapet, medan Stig Håvik blir nest strøste eigar.
Kommentarer til denne saken