Frigir namnet på den omkomne

Ulukka skjedde i Stussvikhovdatunnelen i Ølve. Foto: Ingunn Gjærde / Bladet Tysnes.

Ulukka skjedde i Stussvikhovdatunnelen i Ølve. Foto: Ingunn Gjærde / Bladet Tysnes.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Mannen som mista livet i trafikkulukka i Stussvikhovdatunnelen i Kvinnherad natt til måndag, var 23 år gamle Martin Opheim Hansen frå Odda.

Namnet er frigitt i samråd med dei pårørende, skriv operasjonsleiar i Vest politidistirkt, Stein Rune Ø. Halleraker, i ei pressemelding tysdag.

Saka er under etterforskning ved Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt.

Det var klokka 03.22 (natt til måndag) at ein forbipasserande oppdaga ulukka, og alle naudetatar i tillegg til luftambulanse rykte ut til ulukkesstaden.

Stussvikhovdatunnelen ligg rett før Lukksund bru på grensa mot Tysnes.

Omkom etter å ha køyrt i fjellveggen

Nå er det nok, ikke flere trafikkuhell! 

Artikkeltags