Gå til sidens hovedinnhold

Omstock utsett Morten Abel-konsert – igjen

Det melder gjengen bak arrangementet i ei pressemelding fredag morgon.

Konserten har alt vore utsett ei rekkje gonger. I utgangspunktet skulle artisten spela på Omstock-festivalen i juni i fjor, men på grunn av koronapandemien blei festivalen utsett til august.

Det lét seg heller ikkje gjera å gjennomføra festivalen i august, og Morten Abel-konserten fekk dermed ein ny dato: 7. november 2020. Men i oktober bestemte Trond Betten & Co seg for å utsetja konserten til februar 2021.

Fredag, dagen før den planlagde konserten, er det derimot klart at arrangørane vel å utsetta igjen.

– I samråd med kommuneoverlege og Kvinnherad kommune er vi einige om at vi flyttar konserten. Dette på grunn av usikkerheit rundt ny smitte av covid-19 og kva mutert variant som har gitt smitte. Det er òg stort smittetrykk i nær omkrets. Vi beklagar, men sikkerheita kjem alltid først, skriv Omstock-gjengen.

Torsdag melde kommuneoverlegen at det framleis ikkje var kome svar frå Haukeland sjukehus, på om det nyaste smittetilfellet i kommunen dreidde seg om ein mutert virusvariant.

Vidare skriv arrangøren at ny dato er sett til 29. mai, og at allereie kjøpte billettar kan nyttast til denne, samt til Omstockfestivalen 2021. Det er elles mogleg å få refusjon av billettar.

Les også

Vil ha meir tilsyn, men leiaren i forvaltningsutvalet innreia sjølv naustet ulovleg, og budde der: – Det er lov å læra av eigne feil

Kommentarer til denne saken