I ei pressemelding kan Trond Betten i Castle Road Management avsløra at det til sommaren blir ein ny runde med OmStock-festival over to dagar, med større utescene på Torgplassen. Laurdag 2. juni blir det eksklusiv konsert med Stavangerkameratene, og i tillegg er Eirik Søfteland (kjent frå Idol i 2013), Vidar Johnsen (tidlegare vokalist i Vamp), countryrock-bandet Rød Mix og dei lokale ungdommane i Cold Chase booka.
I pressemeldinga står det følgjande om Stavangerkameratene:
«Sommaren 2015 oppstod det unike samarbeidet i Stavanger då Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland blei spurde om å opptre saman på opninga av volleyball-VM. Der framførte dei «Vekk meg opp» for aller første gong – ei norsk oversetjing av Avicii sin megahit «Wake Me Up». Responsen var så bra at dei bestemte seg for å gi låta ut vinteren 2016, og dermed var gruppa eit faktum. I juni 2016 slapp dei den sjølvskrivne låta «Bare så du vett det». Utover sommaren og hausten vaks den og blei ein stor hit på radio. Suksessen blei avløyst av den tredje singelen «Bare du» som også ble A-listet på NRK P1. Dei fire artistane som utgjer Stavangerkameratene har i tillegg til eigne prosjekt, utgivingar og konsertar blitt kjent for eit stort publikum via TV. Kjartan Salvesen vann Idol i 2004, Tommy Fredvang er kjent frå X-Factor i 2009, MGP i 2012 og Stjernekamp i 2015, Glenn Lyse vann Idol i 2007 og Ole Alexander Mæland har bakgrunn som vokalist i Elle Melle og deltok i The Voice i 2012.»
Resten av programmet for dei to festivaldagane på OmStock 2018 blir oppdatert etter kvart.