Fengslande og sterkt om skuggesidene

Gatas Evangelium med Lasse Tuastad (nr. 2 frå høgre) i spissen spelar på Husnes til helga.

Gatas Evangelium med Lasse Tuastad (nr. 2 frå høgre) i spissen spelar på Husnes til helga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Rockerane i det bergensbaserte bandet Gatas Evangelium kan med rette seia at dei veit kva dei syng om. Til helga får du oppleva dei under Omstock.

DEL

«Eg e skyld i det sjøl» og «Løp for livet» er av songtitlane deira, og sjølv utan å ha høyrt desse skjøner ein at innhaldet er alt anna enn rosenraudt. Så har då òg låtskrivar og vokalist i Gatas Evangelium, Morten Sommerbakk, ei noko tyngre historikk enn folk flest. Han er tidlegare rusmisbrukar, og har til felles med dei andre bandkollegaane sine at han har funne ei trygg hamn i musikken. Fire av fem i bandet er tidlegare rusmisbrukarar eller innsette i Bergen fengsel. Den einaste som kjem «utanfrå» er gitaristen Lasse Tuastad frå Husnes. Han kom inn i bildet då han jobba som musikkterapeut i fengselet, og etterkvart bestemte seg for å ta ein doktorgrad i korleis musikken kan nyttast både som terapi i fengelet og i ettervernet.

‒ Eg vaks opp på Husnes på den tida då musikken verkeleg bløma der, og spelte mellom anna i bandet Terrorbalanse. Etterkvart flytta eg vekk for å studera, og blei først vernepleiar. Men eg sakna musikken, så då eg fekk høyra om musikkterapi tok eg etterutdanning som musikkterapeut for å kunna kombinera jobb og hobby, seier Tuastad.

Han var ikkje berre involvert i musikken inne i sjølve fengselet, men òg i eit ettervernstilbod på Verftet i Bergen, der tidlegare innsette møttest éin gong i veka for å halda fram med musikken.

‒ Eg bestemte meg for å ta ein doktorgrad i emnet musikkterapi, så i åra 2010-2014 følgde eg eit band med tidlegare innsette som heitte «Me and the bandits». Resultatet blei doktoravhandlinga «Innanfor og utanfor - Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern».

Ser at det fungerer

Noko av den viktigaste erfaringa til Tuastad i avhandlinga var å sjå korleis eit band er så mykje meir enn berre musikken.

‒ Bandet er ein stad der ein kan utvikla identiteten sin. Få sosiale relasjonar og dugleikar. Oppleva meistring og glede. For å nemna noko. Fleire av bandmedlemene har då òg uttala at musikken har redda dei, så det seier litt om bandet sitt betyding i ein musikar sitt liv, seier Tuastad.

På eit tidspunkt fordufta vokalisten i «Me and the bandits», og ingen såg noko meir til han. Interessa for den fengslande rocken levde vidare, og Tuastad og dei gjenverande bandmedlemene starta difor opp Gatas Evangelium i 2014. I tillegg til å gjera spelejobbar, har dei fått mange oppdrag der dei fortel om eigne liv og erfaringar.

‒ Kvifor heng du enno med i bandet, Lasse?

‒ Fordi det læt så bra! Og så ser eg at dette er noko som fungerer godt for dei som er med i bandet, dei har fått eit fast haldepunkt i kvardagen som hjelper dei til å ha rutinar og noko å gleda seg over.

Han seier han òg synest det er fint å vera med å på framføra tekstane til Sommerbakk.

‒ Dette er tekstar som er ekte og ærlege, dei sit som skot. Morten har alltid skrive, sjølv når han hadde det som tøffast i livet. Sånn blir det formidling av, slår Tuastad fast.

På Husnes har han følgje av tre av bandmedlemene, nemleg Sommerbakk sjølv, Geir Akse på trommer og Bjarte Stien på bass og piano. Femtemann har nokre utfordringar for tida som gjer at han har ein liten spelepause. Sånn kan livet vera når ein ikkje berre syng om skuggesidene i livet, men òg har kjent dei på kroppen sjølv. Det er dette som er ekte. Publikum har mykje å sjå fram til når Gatas Evangelium står på scena på Husnes komande helg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags