Sjekk kven som kjem til Omstock 2019!

Claus Pilgaard, eller «Chili Klaus», har nærmast gjort det til ein sport å smaka på sterk chili. Han kjem med show på dagtid under Omstock 2019. (Pressefoto).

Claus Pilgaard, eller «Chili Klaus», har nærmast gjort det til ein sport å smaka på sterk chili. Han kjem med show på dagtid under Omstock 2019. (Pressefoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire og fleire kjente namn er klare for Omstock-festivalen sommaren 2019. Siste nytt er at «Chili-Klaus» kjem til Torgplassen for å ha show med smaking av kruttsterk chili.

DEL

Omstock 2019 skjer helga 7. til 9. juni. Frå før har arrangørane annonsert at følgjande artistar er ein del av programmet: Divin' Ducks med Morten Hjøllo i spissen, Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen, det irske bandet Greenland Whalefishers og den tøffe duoen Kickslip med kanskje ein av landets beste trommisar – Baard Kolstad.

Duoen Kickslip er ein fusjon av platesnurrar Helge Boge og trommisen Baard Kolstad, som saman har blitt har blitt eit populært innslag på festival- og klubbscener over heile landet. (Pressefoto).

Duoen Kickslip er ein fusjon av platesnurrar Helge Boge og trommisen Baard Kolstad, som saman har blitt har blitt eit populært innslag på festival- og klubbscener over heile landet. (Pressefoto).

Poeten Jon Hjørnevik framfører ganske grove, humoristiske dikt om sex og frustrasjon til gitarspel av «einmannsbandet» Dagfinn Iversen. Dette blir garantert spennande under Omstock til sommaren. (Pressefoto).

Energiske Morten Hjøllo tar med seg Divin' Ducks til Omstock-festivalen 2019. (Arkivfoto).

Energiske Morten Hjøllo tar med seg Divin' Ducks til Omstock-festivalen 2019. (Arkivfoto).

Snart slepp Omstock fleire spennande artistar, men siste nytt er altså at Claus Pilgaard, betre kjent som «Chili Klaus», kjem for å halda show på dagtid laurdagen. Pilgaard har dei siste par åra gjort chili og chili-smaking svært populært. Du har sikkert fått med deg dei hysteriske videosnuttane der han introduserer sterke chili-typar til både kjente og mindre kjente personar, som til dømes Truls Svendsen og Kristian Valen.

Klaus har sidan gjennombrotet utvikla sin eigen butikk med chili-spesialitetar, samt gitt ut fleire bøker. Det blir garantert artig å sjå han «live», og kanskje utfordrar han kvinnheringane òg til å smaka chili?

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags