Dugnadsinnsats for Strikkpådalen

STRIKKEENTUSIASTAR: Annette Furuberg, Bente Haugen og Marianne Hovda Gausvik er med i komitéen i Omvikdalen Bygdekvinnelag som skipar til ei fargeglad påfyllshelg 15. og 16. februar.

STRIKKEENTUSIASTAR: Annette Furuberg, Bente Haugen og Marianne Hovda Gausvik er med i komitéen i Omvikdalen Bygdekvinnelag som skipar til ei fargeglad påfyllshelg 15. og 16. februar.

– I fjor var det eit yrande folkeliv. Folk gjekk berre rundt og smilte, seier Bente Haugen.

DEL

Saman med resten av arrangementskomiteen i Omvikedalen bygdekvinnelag er ho no i innspurten med arbeidet for årets «Strikkpådalen».

Kvinnheringen presenterte førre mandag det rikhaldige programmet for Strikkpådalen som i år blir arrangert 15. og 16. februar.

– Vi kallar det ein strikkefestival! Det er jo ei fargeglad påfyllshelg for strikkeglade, seier Haugen


Utvida festival

Etter at fjoråret vart ein gedigen suksess utvida ein i år festivalen med ein dag, slik at ein byrjar fredagen med føredrag på Turisthotellet. Laurdagen blir Dalheim tettpakka med kurs, musikk, føredrag, kafé, salsbuer, basar og medstrikkande kvinner og menn.

– Og folk må gjerne ta sitt eige spøt med, oppmodar Marianne Hovda Gausvik.

Kursa i fjor var så populære at enkelte ikkje fekk plass. Desse kursa vert derfor arrangerte igjen i år.

– Kvifor ikkje ha dei på nytt når dei fungerte så bra? seier Gausvik.

– På kursa er det førstemann til mølla som gjeld. Dei som er kjappast får plass, oppmodar Haugen.


Gjenbruk

– Ei av fanesakene i år er gjenbruk. Vi har derfor til dømes kurs i korleis ein kan bruka opp igjen ull, enten det er plagg ein har vakse frå, eller noko som rett og slett er blitt slitt. Vi har også fokus på lokalproduserte varer og lokal kunnskap, fortel Annette Furuberg engasjert.

Ho er ei av kurshaldarane for redesign og lapping, og ynskjer ei bevisstgjering rundt ull.

– Det er utruleg mykje ein kan bruka ull til.


Dugnad

– Det er ein intens gjeng med flotte kvinnfolk som er med og arrangerer Strikkpådalen i år. Heile 20-25 damer var alle raske til å takka ja til å jobba dugnad med oss, fortel Haugen.

– Det har vore veldig lett å be folk stilla, ja, samtykker Furuberg.

– Dette hadde verkeleg ikkje gått utan alle dei positive damene som dreg lasset saman med oss, seier Gausvik.

Strikkpådalen har i år utvida arrangementskomiteen. Den består i år av Kirsten Bjørnebøle, Gerd Laura Bondhus, Åse Bratland, Mette Saghaug, Annette Furuberg, Marianne Hovda Gausvik og Bente Haugen.

– Vi har fått styrka festivalen med mykje kreativitet og energi av dei nye medlemmene. Det er mange som er med og gjer jobben i år, seier Haugen.

– Og så har vi laga «adgangsband» til Strikkpådalen. Dei har vi sjølvsagt hekla av restegarn! fortel Gausvik.


Artikkeltags