Varmande helsing til Rosendalstunet tek form

STRIKKEENTUSIASTAR: Bente Haugen (t.v.) og Annette Furuberg freistar å dekke Marianne Hovda Gausvik i litt av det som skal bli slumreteppe til Rosendalstunet. Som Gausvik seier om strikking: – Det er omtanke i kvar maske.

STRIKKEENTUSIASTAR: Bente Haugen (t.v.) og Annette Furuberg freistar å dekke Marianne Hovda Gausvik i litt av det som skal bli slumreteppe til Rosendalstunet. Som Gausvik seier om strikking: – Det er omtanke i kvar maske.

– Vi ligg veldig godt an no, fortel Marianne Hovda Gausvik.

DEL


Ho er ei av dei sju kvinnene i Omvikdalen Bygdekvinnelag som ikkje berre arrangerer Strikkpådalen, men også har gått i gang med teppeprosjektet.

– Ja, dette har slått godt an hos veldig mange. Eg tenkjer at grunnen er at dette er eit verdig formål, teppa går til dei eldre på Rosendalstunet, samtykker Bente Haugen.

Kvinnheringar frå heile kommunen har vore med på strikkinga. Enkelte har strikka heime, nokon aleine og andre i lag med vener. Mange har nytta seg av strikkekorgene som har stått på Kvinnherad bibliotek, Fristelsar i Skålagato, venterommet hos tannlegane Keilen og Hjelmeland og Rosendalstunet. I korgene fann ein garn og pinnar og påbyrja lappar som ein kunne strikka ei rad eller fire på. Etterpå kunne andre strikka vidare.


18 kilo garn

Rosenform har selt formidable 18 kilo garn til lappestrikkarane. For at lappane skulle bli like, har alle måtta kjøpa mønster og same type garn.

– Eg trur vi har nok lappar til seks eller sju tepper, så det blir nok til at kvar avdeling får minst eitt teppe, fortel Gausvik.

Kvinnene fortel at dette blir ei varm helsing til bebuarane frå flittige hender i heile Kvinnherad kommune.

Annette Furuberg peikar på at vi alle har eit forhold til Rosendalstunet, og noko som gjer at mange har engasjert seg.

– Om vi ikkje kjenner nokon som bur der akkurat no, så har vi alle hatt eit kjært menneske der eller vi kjem til å få det i framtida, seier ho.

Fristen for å levera inn lappane sine til bygdekvinnelaget er på strikkefestivalen Strikkpådalen, som går av stabelen midt i februar. Etter det så blir teppa monterte saman, før overrekking.

– Vi satsar på å få dei ferdige til påske. Om vi ikkje nett overleverer teppa i eit påskeegg, så blir dei i alle fall leverte av «påskehøner», ler Gausvik.


Kvifor strikka?

Kvinnheringen er imponert over pågangsmotet og det gode humøret til strikkegjengen. Når vi spør kva som er så bra med strikking, kjem svara så raskt at det ei stund er vanskeleg å skilja kven som seier kva:

– Det er avspennande!

– Strikking senkar blodtrykket!

– Det er noko handfast!

– Å strikka motverker demens. Det er bevist!

– Eg synest det er «ryddande». Det er matematisk fordi ein må telja masker. Då tar ein vekk tankane frå tunge ting.


Omtanke i kvar maske

– Eg er sikker på at det er helbredande å strikka, seier Haugen med tyngde.

– Ja, at det er mentalhygiene er det ingen tvil om, samtykker Gausvik.

– I samfunnet no er vi mange som arbeider på datamaskina. Vi produserer ikkje slik dei gjorde tidlegare. Men når vi strikker så får vi eit handfast resultatet av det vi gjer, seier Furuberg.

– Så er det jo også slik at du tenkjer på den du strikkar noko til. Du tenkjer gode tankar om dei, peikar Haugen på.

– Ja, det er omtanke i kvar maske, seier Gausvik og nikkar.

Dei kan gleda seg då, menneska som bur på Rosendalstunet, til dei varme teppa dei snart skal få. Som i tillegg til ull inneheld både omtanke og gode tankar.







Artikkeltags