Gå til sidens hovedinnhold

Elevkunstverk på Omvikdalen skule

Artikkelen er over 2 år gammel

No i desember kom det nye kunstverket opp på Omvikdalen skule. Det er elevane sjølve som har laga verket, under kyndig leiing av kunstnar Espen Attramadal.

I haust har skulptør og kunstnar Espen Attramadal hatt teiknetimar for alle elevane på Omvikdalen skule. Attramdal har gjennomført fire skuletimar med kvar klasse, og jamvel lærarane har vore på teiknekurs hos han. Resultatet har blitt eit elevkunstverk som førre veke vart hengt opp ved trappene i inngangspartiet til skulen.

– Vi er utruleg glade for dette samarbeidet med Attramadal. Det var vore veldig positivt, seier rektor Bjørn Rune Bergane.

Kommentarer til denne saken