– Vi ønsker å gjera litt andre ting her på skulen

KJEKK SKULETIME: Sophie Hjelmeland leita i fargekassen etter dei rette blyantane til teikninga si.

KJEKK SKULETIME: Sophie Hjelmeland leita i fargekassen etter dei rette blyantane til teikninga si.

Artikkelen er over 1 år gammel

Kunstnar Espen Attramadal har hatt teiknekurs for alle på Omvikdalen skule. Kvinnheringen var innom eine teiknetimen til den entusiastiske førsteklassen.

DEL

– No er vi ferdige med strekane og skal snart begynna å fargelegga, seier Espen Attramadal til førsteklassingane på Omvikdalen skule.

– Hugsar de at vi har snakka om at det blir veldig sterk farge viss vi trykker blyanten hardt? Men viss vi set blyanten littegrann på skrå, så blir fargen svakare, sjølv om vi trykker sterkt.

GODE TIPS: Espen Attramadal kjem her med teiknetips til Wilma Ousdal.

GODE TIPS: Espen Attramadal kjem her med teiknetips til Wilma Ousdal.

Elevane nikkar og piler fram for å sikra seg den rette fargeblyanten. Attramadal har hatt fire teiknetimar for alle klassane på Omvikdalen skule dei siste vekene. Han begynte med dei eldste klassane og no er det førsteklassen som får opplæring. Jamvel lærarane har vore på kurs hos Attramadal. Resultatet av arbeidet skal bli eit kunstverk som samlar teikningar frå alle elevane og lærarane på skulen. Slik vil alle på skulen ha bidrege i lag, for å skapa kunstverket. Det vert stort, og enn så lenge så er det ikkje bestemt kor det skal henga. Attramadal er skulptør og flytta til Omvikdalen i haust. Han har ein gut som då begynte i andre klasse ved skulen, og rektor nytta høvet til å invitera kunstnaren til å halda teiknekurs.


KONSENTRERT: Andrea Guddal-Muit gir figuren sin eit nydeleg raudt hjarta.

KONSENTRERT: Andrea Guddal-Muit gir figuren sin eit nydeleg raudt hjarta.

Opprømt konsentrasjon

I klasserommet er stemninga opprømt, men roleg. Alle dei 14 elevane er travelt opptekne med teikningane sine, og konsentrasjonen er stor. Dei har allereie viska vekk hjelpestrekane sine, slik dei nett har lært, og skal til å finna rette fargeblyantar. Nokre fargar er det meir rift om enn andre.

– Min favorittfarge er grøn og gul. Og litt oransje, seier Sophie, medan ho leitar fram blyantar til teikninga si.

Wilma teiknar ei jente med gult hår og rosa kjole.

– Dette er gøy! Vi lærer å teikna, utbryt ho gledesstrålande, medan Attramadal gir henne teiknetips.

Ei jente tjuvlåner oransjefargen til Oskar. Etter kort tid blir ho oppdaga, og gir den smilande attende før ho hentar seg sin eigen. Elevane skal sjølve få velja kva for av teikningane sine dei vil ha med seg heim, anten dyret dei laga dagen før, eller teikninga av menneske som dei lagar dagen Kvinnheringen er innom.


1. KLASSE SITT BIDRAG: Skulptør Espen Attramadal skal samla saman alle sine teikningar og montera dei saman i eit kunstverk for heile skulen.

1. KLASSE SITT BIDRAG: Skulptør Espen Attramadal skal samla saman alle sine teikningar og montera dei saman i eit kunstverk for heile skulen.

Spennande for store og små

Teikningane som blir att på skulen skal Attramadal bruka i kunstverket.

– Vi hadde klassekonferanse i går og foreldra seier at ungane syns dette er veldig kjekt, fortel Lillian Tveit.

Tveit er kontaktlærar for 1. klasse. Ho seier at elevane er veldig glade for å ha besøk av ein teiknelærar.

– Attramadal forklarer steg for steg kva elevane skal gjera. Han er veldig flink til å forklara. Og så ventar han på alle, før han går vidare, seier ho.

Rektor Bjørn Rune Bergane fortel at Omvikdalen skule kontakta Espen Attramadal fordi dei prøver å dra inn fleire folk til skulen.

– Vi ynskjer å gjera litt andre ting her på skulen enn berre faste rutinar. Det er spennande for både store og små.


Artikkeltags