Vann aviskonkurransen

PREMIEKLASSE: Sverre Jonassen  får halda pengepremien som 7. klasse ved Omvikdalen skule vann i «Vis med avis»-konkurransen.

PREMIEKLASSE: Sverre Jonassen får halda pengepremien som 7. klasse ved Omvikdalen skule vann i «Vis med avis»-konkurransen.

I aviskonkurransen «Vis med avis» var det 7. klasse ved Omvikdalen skule som vart vinnarane. Jubelen sto i taket då premien vart overrekt.

DEL

«Vis med avis» er både lesetrening og konkurranse i nyhende og lokalkunnskap for elevar på sjuande trinna. Elevane les både lokalavisa og følgjer nyhende nasjonalt. Etter to veker venter ein individuell kunnskapskonkurranse med tjue spørsmål, der 15 spørsmål er lokalstoff og 5 er nasjonale eller internasjonale.

– Vi leste masse i Kvinnheringen. Vi hadde det også som lekse, seier Jan Åge.

Læraren, Turid Valvatne, fortel at elevane leste avisa i 15-20 minutt kvar dag, og at dei plukka ut tre lengre reportasjar. Elevane førebudde også spørsmål til kvarandre frå reportasjane og enkelte gonger var det høgtlesing i klassen frå Kvinnheringen.

– De har jo lese avisa veldig nøye over tid. Fann de skrivefeil? spør vi.

– Ja, nokon, smiler ein elev.

Valvatne fortel at klassen var med å laga skuleavis sjølv i fjor. Då fekk dei erfara at uansett kor mange gonger dei leste gjennom tekstane sine, vart det alltid noko å setja fingeren på i det ferdige resultatet.

VINNARANE: Sjuande klasse ved Omvikdalen skule vann aviskonkurransen og fekk diplom og 2000 kroner i premie. Framme frå venstre: Andreas Pettersen, Noah Lekva Hjelmeland, Sverre Jonassen, Jan Åge Sjo Kårstad, Johanna Falk. Bak frå venstre: Knut Skogtun Hegland, Tora Helen Lande Eikeland, Simen Gjuvsland Riise, Eskil Hegland Kvermo og lærar Turid Valvatne. Jan Olav Hjelmeland er også i klassen, men var ikkje til stades då bilde vart tatt.

Konkurranse

Sjølv om det er rundt ein månad sidan klassen gjennomførte spørjekonkurransen, hugsar dei framleis mange av spørsmåla. «Kva heiter fjorden der «Helge Ingstad» sank?» og «Kven var førstemann til Sydpolen?» svarar elevane fortsatt rett på.

Valvatne fortel at klassen gjorde det veldig bra i spørjekonkurransen. Dei ti elevane i klassen fekk gjennomsnittlege eit svært godt resultatet.

IS IS IS

Når elevane får vita at dei har vunne aviskonkurransen, og får heile 2000 kroner i premie, byrjar dei å jubla «is is is is!».

– Vi har ikkje bestemt kva vi skal bruka pengane til endå. Men det er mogeleg at vi skal ta ein liten klassetur, forklarer Valvatne.

Ho fortel at i tillegg til klasseturen, så har elevane blitt lova at dei ha seg ein tur til Rosendal på sykkel. Der skal dei bada i Neslia og besøka Steinparken.

– Og då må vi ta oss ein is også, smiler Valvatne.

PENGAR OG DIPLOM: Noah Lekva Hjelmeland hadde rett på alle dei tjue spørsmåla i spørjekonkurransen og fekk derfor æra av å ta i mot pengepremien og diplomet på vegner av 7. klassen.

PENGAR OG DIPLOM: Noah Lekva Hjelmeland hadde rett på alle dei tjue spørsmåla i spørjekonkurransen og fekk derfor æra av å ta i mot pengepremien og diplomet på vegner av 7. klassen.

Artikkeltags