Har besøk av skuleelevar frå andre land gjennom Erasmus-prosjektet

Her ser du alle gjestene frå skular i Spania, Kypros, Latvia og Slovenia som denne veka besøkjer Omvikdalen skule. For nokon av dei var det første gongen dei flydde og tok båt. (Foto: Omvikdalen skule).

Artikkelen er over 1 år gammel

Det spennande prosjektet som Omvikdalen skule har vore del av sidan 2016 går mot slutten, og denne veka har skulen besøk av 29 gjester frå skular i Spania, Kypros, Latvia og Slovenia.

DEL

Som Kvinnheringen har skrive om fleire gonger tidlegare, har Omvikdalen skule vore del av samarbeidsprosjektet Erasmus+ «The sunny side up» saman med skular frå Spania, Kypros, Latvia og Slovenia. I løpet av prosjektperioden skulle elevane forska på solenergi, og ved Omvikdalen skule har dei bygd drivhus og laga solur på skuleplassen, og fordjupa seg i vikingtida. Både elevar og lærarar har vore på reis til alle dei andre landa, og denne veka var det endeleg skulane frå dei andre landa sin tur til å besøkja Kvinnherad og Omvikdalen.

Her ser du tredjeklassingane på Omvikdalen skule som spelte blokkfløyte for gjestene under mottakinga i gymsalen på måndag.

Her ser du tredjeklassingane på Omvikdalen skule som spelte blokkfløyte for gjestene under mottakinga i gymsalen på måndag.

Måndag var det derfor offisiell mottaking av gjestene i gymsalen på skulen. Elevane frå Omvikdalen framførte fløytespel, song og dans til stor glede frå gjestene. Einingsleiar for oppvekst og kultur, Anne Sofie Bjelland Kjeka, var til stades på mottakinga.

– Eg er stolt av at Omvikdalen skule er med på dette miljøvennlege Erasmus-prosjektet. Det er kjekt både for elevar, lærarar og foreldre, og det skapar fred, forståing og venskap for livet, sa ho.

Leiar for samarbeidsprosjektet «The sunny side up», Francisco Miguel Palmero Moreno frå Spania, hadde med seg gåver til rektor Bjørn Rune Bergane (t.v.) og sektorleiar for oppvekst og kultur, Anne Sofie B. Kjeka. Det hadde også dei vaksne frå dei andre gjestande skulane.

Alle dei utanlandske elevane viste fram ein presentasjon om landet sitt, og hadde med seg små gåver til elevane i Omvikdalen.

Gjestene heldt presentasjonar om heimlandet sitt, og hadde også med seg gåver til elevane i Omvikdalen. Her ser du elevar frå Kypros fortelja.

Gjestene heldt presentasjonar om heimlandet sitt, og hadde også med seg gåver til elevane i Omvikdalen. Her ser du elevar frå Kypros fortelja.

Gjestene skal vera i Kvinnherad fram til torsdag, og får vera med på mange kjekke aktivitetar både på dagtid og om ettermiddagane, som elevkveld, turar til fjells og Folgefonnsenteret i Rosendal, felles middagar og så vidare. Elevane frå dei andre landa får bu heime hos elevane frå Omvikdalen medan dei er her.

– Det blir ei veldig annleis skuleveke, dette, meinte elevane Helena Oftedal Hegland (9) og Sivert Gjuvsland Riise (9).

Dei syntest det var veldig kjekt å ha besøk av elevar frå andre land.

– Det blir spennande å snakka med dei, for vi må snakka på engelsk! Det kan jo bli litt vanskeleg, men eg trur det skal gå greitt, meinte Sivert.

Vi tok også ein prat med elevane frå Kypros:

– Det er veldig moro å få reisa til Norge og Kvinnherad! Mykje er annleis her. Det er kaldare, og så har de veldig høge fjell, meinte dei.

Artikkeltags