«Strikkpådalen» med bygdekvinnelaget

Artikkelen er over 1 år gammel

Det blir garn, strikketeknikkar og presentasjon til den store gullme-daljen når Omvikdalen bygdekvinnelag skipar til inspirasjonsdag 24. februar.

DEL

Idear, føredrag om fargar, læring av nye teknikkar, matservering, åresal, underhalding og sjølvsagt strikking står på programmet når bygdekvinnelaget skipar til Strikkpådalen.

Alle vert oppmoda til å stilla i strikkeplagg og ta med seg strikketøy denne dagen, skriv arrangørane. Keramikar Elisa Helland Hansen kjem for å fortelja korleis ein kan nytta Instagram til å presentera produkta sine, medan damene i Ein blå tråd kjem for å læra bort korleis ein strikkar med ein såkalla «Magic loop». Garnprodusent Åse Bratland frå Gjetingsdalen kjem og presenterer kasjmirgarn, medan biletkunstnar Turid Uldal fortel om fargar i kunst og kultur, og korleis vi opplever dei ulike fargane.

Elles blir det høve for shopping av garn- og strikkeprodukt frå mange ulike leverandørar. Marimba-orkesteret til kulturskulen opnar dagen med forrykande rytmar, melder arrangørane.

Les også:

Blir å høyra i Kulturhuset Husnes fredag kveld 

Artikkeltags