Dalheim er eit populært utleigeobjekt, og ein samlingsplass for bygdefolk i Omvikdalen. Men toalettanlegget er slite og utdatert, og har eit sårt behov for oppgradering. Eit knippe medlemer i Omvikdalen ungdomslag skipa difor til basar på huset laurdag føremiddag. Og for ein respons! Rundt 100 små og store tok turen; så fullt var det i festlokalet oppe at einskilde av dei som kom, sat ved bord ute i gongen.
— Utruleg kjekt at så mange kom og støtta opp. Vi fekk inn gode og viktige inntekter til toalettanlegget, rundt 1/4 av det vi har fått estimert at nytt anlegg vil kosta, seier Eli Margrete Oppheim, som var ein av initiativtakarane.
I forkant hadde ho og medhjelparane samla inn ikkje mindre enn 180 premiar, noko som sikra at mange fekk ta med seg noko nytt heim denne dagen.