Åå! Velg velg å vær en venn
Spiller alltid best på lag
Åå! Velg velg å vær en venn
Vær den noen trenger i dag.
Fredag song elevane og barnehagebarna i Omvikdalen med av full hals til låta til BlimE-dansen 2017, medan dei dansa med godt innøvde rørsler nøyaktig slik dansen går. Det var fredag føremiddag, berre eit par timar før ungane tok helg, at dei saman gjorde den store vennskapsdansen medan lærar Turid Valvatne filma det heile. Filmen lasta dei sidan opp på NRK Super, og blei med det éin av mange skular og barnehagar i heile landet som vart ein del av barnetv-kanalen sin store BlimE-hending denne dagen.
– Kanskje får vi sjå oss sjølve på tv, smilte lærar Kjersti Næs.
Det er åtte år sidan NRK Super starta BlimE-kampanjen med mottoet «Si hei, vær en venn. BlimE!». Målet er å oppmoda barn til å bry seg om kvarandre. I fjor dansa nesten 270.000 barn BlimE-dansen.