Knut Erling gav kyrne «manikyr»

Klauvskjerar Knut Erling Frøyland besøkte førre veke Revuro samdrift i Omvikdalen for å gi litt «sommar-manikyr» til kyrne der.

Klauvskjerar Knut Erling Frøyland besøkte førre veke Revuro samdrift i Omvikdalen for å gi litt «sommar-manikyr» til kyrne der.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kyrne i samdrifta Revuro DA i Omvikdalen blei førre veke gjort klare for sommarbeite av klauvskjerar Knut Erling Frøyland.

God klauvhelse er viktig for kua sitt ve og vel. Har den vondt i klauvene, produserer den adrenalin, noko som går ut over mjølkeproduksjonen. Difor er klauvskjering ein obligatorisk del av det å driva med storfe. Førre veke besøkte klauvskjerar Knut Erling Frøyland samdrifta Revuro i Omvikdalen for å syta for litt «manikyr» til kyrne der før sommarbeitet.

– Ein har fått større merksemd på kor viktig det er for kua at klauvene blir stelte. Ei ku med dårlege bein, yt dårlegare, forklarte Frøyland då Kvinnheringen kom forbi.

Han har meir eller mindre heiltidsjobb med å reisa rundt å skjera klauver i Hordaland og Rogaland.

– Éin til to gonger i året per ku, plar ein å seia. Somme tider tre. Bonden ser det som regel når det er naudsynt, og har faste rutinar på det, forklarte han.

Artikkeltags