No kan du få rykande ferske bakarvarer frå Brødskreppa igjen

Lene Vangberg Monsen seier det blir godt å opna Brødskreppa igjen, etter å ha vore i mammaperm med vesle Maja sidan oktober. (Arkivfoto).

Lene Vangberg Monsen seier det blir godt å opna Brødskreppa igjen, etter å ha vore i mammaperm med vesle Maja sidan oktober. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Mange har nok sakna bakarvarene til «Brødskreppa» Lene Vangberg Monsen. No er ho ferdig med mammaperm, og i morgon opnar ho endeleg steinomnsbakeriet i Omvikdalen igjen.

DEL

I oktober stengte Lene Monsen bakeriet fordi ho skulle vera i mammaperm med vesle Maja. Frå før har ho og mannen Kjetil Mehl seks-åringane Maiken og Sondre. No er minstejenta snart tre månadar, og Lene er klar for å baka igjen medan pappa Kjetil får pappaperm.

– Eg har jo drive og bakt litt til familien innimellom, men eg har nesten hatt litt «abstinensar» når eg har vore vekke frå bakeriet. Det skal bli godt å komma i gang igjen! fortel «Brødskreppa».

Mange har vore i ho og lurt på kva tid ho skulle opna bakeriet igjen, og i morgon torsdag blir første opningsdagen.

– Fleire har vore i meg og sagt at dei har sakna bakarvarene mine, og det er jo veldig kjekt å høyra.

Framover i sommar skal ho halda ope torsdagar, fredagar og laurdagar, og frå september held ho ope kvar laurdag. Hos Brødskreppa kan du kjøpa brød, bollar, litt kaker og kjeks, økologiske smoothies og litt heimelaga syltetøy.

Bakeriet ligg idyllisk til på garden Kjetlane i Omvikdalen, nærmare bestemt på Hjelmeland. Garden har griser, sauer og lama, og er i tillegg del av Revuro mjølkesamdrift.

Lene er stort sett åleine i bakeriet, men får litt hjelp av familien innimellom.

– Kjem vesle Maja til å vera med i bakeriet?

– Ho skal nok ikkje vera med meg baka heilt enno, men ho vil jo på ein måte «veksa opp» i bakeriet som dei to andre ungane. Sånn blir det med familiebedrifter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags