Gå til sidens hovedinnhold

Pølsekurs og femrettars med matattacheen

Artikkelen er over 4 år gammel

Helga stod i dei gode, kortreiste smakane sitt teikn for Omvikdalen bygdekvinnelag og gjester.

Fredag kveld arrangerte bygdekvinnelaget eit pølsekurs i Raualøo i Rosendal, der kurshaldaren var sjølvaste matattacheen ved Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, Gunnar Nagell Dahl. På laurdag kveld diska same Nagell Dahl opp med ein femrettars meny med kortreiste råvarer i ungdomshuset Dalheim i Omvikdalen i samband med bygdekvinnene sin haustfest. I lag med seg på kjøkenet hadde han den lokale kokken Hanne Bakke Berntsen. Om lag 70 personar var samla i Dalheim, og fekk smaka på pølsene av hjort som blei laga på pølsekurset, krabbesuppe, brosme trekt i mjølk, hjortesteik med rotgrønsaker og båtpotetar, samt is til dessert. Mykje av det som låg på tallerkane var kortreist mat frå ulike lokale matprodusentar. Rustne Herrar frå Uskedalen stod for det musikalske innslaget, og flinke ungdomar frå Lauvsprett 4H hjelpte til med serveringa. Arne Torget var konferansier.

Kommentarer til denne saken