Klimapris til Omvikdalen skule

Det internasjonale drivhusprosjektet på Omvikdalen skulen er blitt prisløna. Bildet er frå oppstarten i april. Halvor B. Hass (fremst). Bak han f.v.: Benedichte Indergård, Hedda Svendsen og Tove Apeland. (Arkivfoto).

Det internasjonale drivhusprosjektet på Omvikdalen skulen er blitt prisløna. Bildet er frå oppstarten i april. Halvor B. Hass (fremst). Bak han f.v.: Benedichte Indergård, Hedda Svendsen og Tove Apeland. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Skulen i Omvikdalen er ein av tre skular som har fått Utdanningsforbundet sin «Klimapris 2017».

DEL

– Veldig artig og veldig kjekt, kommenterer rektor Bjørn Rune Bergane på telefon frå Oslo, før han straks legg til:

– Æra går til dei to flinke prosjektleiarane på skulen, Tove Apeland og Benedichte Indergård. Den går òg til ivrige og sterkt medverkande foreldre og sjølvsagt til elevane som har jobba med dette.

Prosjektet skulen har fått pris for er det internasjonale «The Sunny Side Up», initiert og støtta av EU via Erasmus+-ordninga.

I vår kom eit drivhus på plass på andre sida av vegen for skulen. Inni her er det blitt dyrka jordbær og mynte. Drivhuset er oppvarma av solenergi etter ein metode som i stor grad er skapt på skulen. Store solfangarar skaffar solenergi nok til å varma opp vatn til oppvarmingsformål.

Tre skular i tre andre land har gjort akkurat det same. Skulane ligg i Spania, Latvia og Slovenia. Alle fire skulane har samarbeidd og samanlikna resultata sine. Eit hovudmål har vore å få kartlagt kor stor rolle klimaet spelar for avlinga.

– Prosjektet, som det er eitt år igjen av, har vore både spennande og arbeidskrevjande. Utdanningsforbundet skal ha ros for at skular utanfor sentrale strøk også blir lagt merke til, seier rektor Bergane.

Dette er sjette året Utdanningsforbundet deler ut klimapris. I år får tre skular i landet kvar sine 50.000 kroner for å ha utmerkt seg med gode klimaprosjekt. Måndag er rektor Bergane i Oslo saman med to av elevane for å ta imot den gjæve prisen.

Frå grunngjevinga klipper vi dette:

«Omvikdalen skule utmerkar seg med brei og solid satsing på miljø og berekraftig utvikling over tid». Og «Omvikdalen skule er til inspirasjon for andre og ein verdig vinnar av Utdanningsforbundet sin Klimapris».

Artikkeltags