Gå til sidens hovedinnhold

Ønskjer å gi ekstra pengar til familiar og einslege som slit i desember

– Ei ekstra vanskeleg tid for mange og spesielt for dei familiane som ikkje har råd til å unna seg noko ekstra.

Kommunedirektøren innstiller på at mottakarar av stønad til livsopphald skal få 1.000 kroner ekstra i desember, og 2.000 ekstra til mottakarar med familiestatus. Totalsummen, som er berekna til 230.000 kroner, skal belastast formannskapet sin disposisjonspost.

Eit lite løft

Dette skjer på bakgrunn av eit spørsmål frå formannskapsmedlem Hege Lægreid Røssland til ordførar Hans Inge Myrvold.

– Pandemien har medført ei stor belastning på eit allereie vanskeleg liv. Stengde møteplassar og redusert sosial kontakt har ikkje betra situasjonen. Når jula no stundar til er det ei ekstra vanskeleg tid for mange, og spesielt for dei familiane som ikkje har råd til å unna seg noko ekstra for å skapa meir hygge og glede.

Vidare meinte Røssland at Kvinnherad kommune kunne gi eit lite løft med eit ekstra økonomisk bidrag til personar med sosialstønad, og peika på at fleire kommunar i Vestland fylke hadde gjort liknande.

Formelt sett er det utvalet sjølv som skal ta stilling til om ein vil greia ut problemstillinga, men grunna tidsperspektivet bad ordføraren administrasjonen greia ut saka, slik at formannskapet kunne ta stilling til spørsmålet allereie denne veka, og slik at det ville vera mogleg å utbetala den ekstra stønaden i grei tid før jul.

Dagens ordning

I utgreiinga står det at det per 1. desember 2020 er om lag 170 aktive brukarar av stønad til livsopphald i kommunen. Nokre av desse har ikkje aktive vedtak, og mange av dei 170 har supplerande sosialhjelp og vil få ekstra inntekt i form av halv skatt på løn eller trygd. Om lag 60 av brukarane er familiar.

I 2019 var det svært få som søkte om det allereie eksisterande juletilskotet, der det blir vurdert skriftleg kvifor brukaren skal få det. Dette tilskotet er meint å vera til ekstra utgifter til julemat og feiring, ikkje til julegåver. I fjor var det tre personar som fekk dette innvilga, og samla sum var då 12.106 kroner.

I tillegg har Kvinnherad Frivilligsentral ein årleg julegåveaksjon. Per 4. desember i år hadde det kome inn 120 søkarar til denne.

I kommunedirektøren sitt forslag til løysning er det lagt vekt på at den nye ordninga må vera enkel å administrera, at det må vera mogleg å få til utbetaling så raskt som råd og at ordninga ikkje skal utløysa skatt eller komma i staden for andre ordningar.

Saka skal opp torsdag denne veka, og det blir opp til formannskapet å ta stilling til om ekstrautbetalinga på 1.000 kroner til einslege og 2.000 til familiar blir gjennomført.

Les også

Ap-Enstad opprørt over helsevikarbruk: – Verkar å vera heilt ute av kontroll

Kommentarer til denne saken