Kvinnheringen stikk innom hallen ei vanleg treningsøkt for G8/9-laget. Askil Hauge er rask med å presisera at det er dotter og medhjelpar, Maia Kristine H. Nordgjerde (15), som i hovudsak tar seg av det som har med å læra handball å gjera. Ho har spela handball i mange år og er med på Kvinnherad Handballklubb (KHK) sitt Jenter 15-lag. Hauge er meir lagleiar og organisator for den trivelege gutegjengen. Også Ingebjørg Helland, mor til ei av gutane på laget, er ein aktiv medhjelpar.

G8/9-laget er med i seriespel, og møter lag på strekkja mellom Kvinnherad og Bergen.

– Me har ei gruppe på 10 gutar for tida, men burde vore 20, meiner Hauge.

Åtte av gutane er frå Valen og kjenner kvarandre godt frå skulen der. Éin er frå Rosendal, og éin frå Halsnøy. Laget trenar éin gong i veka i Husneshallen, nærare bestemt tysdag ettermiddag.

– Er det 3.- og 4.-klassingar som vil vera med, er det berre å møta opp. Me legg like mykje vekt på å ha det gøy saman som å læra handball. Her har me òg fokus på å oppføra oss fint mot kvarandre, uansett nivå – det skal vera plass til alle, seier Hauge.

KHK har to gutelag til utanom G8/9: Dei yngste, G6/7 trenar i gymsalen på Sunde tysdagar, G10/11 trenar i Husneshallen onsdagar, opplyser Marte Lie Børve i handballklubben.

– Har det gøy

Ein av handballgutane, Lars Mehl (10), kjem frå Rosendal éin gong i veka for å spela handball.

– Kvifor går du på handball?

– Eg likar handball godt. Og så har eg eit søskenbarn, Per, som er med her. Han begynte før meg, eg byrja like før jul.

– Kva synest du om treningane?

– Det er ein veldig kjekk gjeng – her har me det gøy.

– Kva likar du best?

– Når me deler opp i lag og har kamp, smiler Lars.

Og etter oppvarming med både leik og handball, får Lars ønsket sitt oppfylt. Dei to laga bølgjer att og fram, medan Hauge og dottera hjelper kvart sitt lag med venlege tips og vink.