Gå til sidens hovedinnhold

Ønskjer hjelp til å merka turstiar i Uskedalen

Turgruppa i Uskedalen håpar at fleire kan ta med seg litt raudmaling på tur og delta i dugnaden med å merka turstiar.

Rundt Uskedalen er det flust med flotte turmoglegheiter. Det har blitt lagt ned ein stor jobb for å merka desse turløypene. Men ofte er det relativt få som deltar i dette viktige dugnadsarbeidet, skriv Uskedalen.no. Derfor håpar turgruppa på at fleire kan ta med seg litt raudmaling, kombinera det med ein fin tur og delta i dugnaden. Det er behov for merking av både lette løyper og meir krevjande turar, – turar både i låglandet og i høgare område.

Steinar Haugland i turgruppa fortel at dei nettopp har merkt T-ane til Geitadalstind på nytt, men at det er behov for å friska opp att merkinga av mange turar og nemner både Englafjell, Halsane og Eikedalen som døme. Ved å ta kontakt med Haugland kan interesserte turgåarar få meir informasjon om kva løyper som treng å merkast. Han ordnar også med maling og anna nødvendig utstyr.

Haugland fortel at det må vera skikkeleg tørt før merkinga blir gjort, slik at malinga festar seg godt til underlaget. Det trengst eit par dagar med finver på førehand. Dei malar over dei same T-ane som har vore der frå før, og friskar dei opp att.

Kommentarer til denne saken