MEININGAR
Koronapandemien har ført til at ei matvarekrisa truar delar av verda. Det har vorte vanskelegare og dyrare å frakta matvarer på tvers av landegrensene. Fleire store eksportørar av viktige matvarer som ris og kveite, har innført eksportforbod, fordi dei treng varene dei produserer sjølv. Arbeidsløyse og pengemangel som følgje av pandemien i fattige land, avgrensar òg tilgangen på mat. Denne situasjonen er ei alvorleg påminning om viktigheita av å produsera mest mogleg mat til eigne innbyggjarar, og dermed også redusera presset på mat ressursane globalt.
Saman krev me difor at mat må verta ein endå viktigare del av vår beredskap. For å auka sjølvforsyningsgraden må alle med!
• All dyrka mark må nyttast til matproduksjon.
Lønsemda på særleg dei mindre bruka i fylket, som ikkje har same mogelegheit til å ta ut inntekt frå produksjonen, må difor aukast. Nasjonal mat-tryggleik treng ei styrking av Vestlandsbonden, ikkje ei svekking slik Solberg-regjeringa har bidrege til, med prioritering av dei store bruka.
• Dyrka jord må vernast, og ny jord må dyrkast.
Berre ca 3 % av arealet i Norge er dyrka jord. Det må difor på plass eit nasjonalt jordvern for å ivareta den begrensa ressursen som matjorda er. Like viktig er at det vert lagt til rette for og stimulert til auka nydyrking. I dette bildet er det heilt uakseptabelt at byråkratiet i Miljødirektoratet, uten synfaring, fattar vedtak uten klagerett, og overkøyrer Kvinnherad kommune og eit samla Folgefonna Nasjonalparkstyre, i å gje løyve til at unge bønder skal få dyrka jorda og produsera mat. Dette er også eit bidrag til matberedskapen vår.
Me krev difor at Mat- og landbruksministeren kjem på banen og snarleg avklarar:
1. Er det god matberedskap og nekta unge bønder som vil gjendyrka arealet på garden, og dermed bidra til auka matproduksjon?
2. Er det i tråd med demokratisk styring at byråkratiet i Miljødirektoratet kan fatte endeleg vedtak, uten klagerett, på tvers av kommune og eit samla Nasjonalparkstyre?
Sigrid Brattabø Handegard
Sentralstyremedlem Sp
Benthe Bondhus
Leiar Kvinnherad Sp