Opna dørene for elevane igjen: – Herleg med eit avbrekk frå heimekontor

Veninnene Emely Hjelmeland, Kaia Olderkjær, Celina Asmervik og Aila Kordo synest det var kjekt å sjå klassekameratane igjen.

Veninnene Emely Hjelmeland, Kaia Olderkjær, Celina Asmervik og Aila Kordo synest det var kjekt å sjå klassekameratane igjen.

Sjølv om det ikkje er heilt som det pleier ved KVV, var det likevel godt å sjå klassekameratane igjen måndag etter to månadar med heimeskule.

DEL


Førre torsdag kunne regjeringa fortelja at skular no kunne opna opp igjen, etter om lag to månadar med digitale undervisningsformer.

Måndag morgon opna Rektor Audun Bjelland skuledagen med fellespresentasjon om korleis ting må vera på KVV i tida framover.

– Eg har sett mykje smil i gangane, seier rektor Audun Bjelland, som har hatt seg ein runde for å sjå til.

Han er glad for at skulen no har opna opp att, sjølv om det ikkje er heilt som før.

– Vi har jobba mykje med å få til ein blokkplan for alle elevane. No har vi såkalla fagdagar, der vi køyrer fleire timar av same fag etter kvarandre.

Klasseromma er heller ikkje store nok til å romma meir enn 19 elevar, for å overhalda krava om smittevern. Det har, ifølgje rektoren, vore den største utfordringa.

– Så vi har måtta dela enkelte klassar inn i grupper.

Halvparten av veka på skulen

For framleis er det litt rolegare i gangane enn det pleier å vera.

På grunn av dei strenge smittevernreglane og tiltaka, klarer ikkje KVV å tilby elevane ordinær skule, men rektoren kan fortelja at elevane vil få om lag halvparten av veka med undervisning i klasserom.

Det er i første omgang avgangsfaga for alle trinna og linjer som har første prioritet, noko som utgjer om lag halvparten av faga.

Også skyssordninga har vore litt problematisk, spesielt dei lange rutene som fraktar elevar frå Rosendal og utover.

– Det gjekk greitt i dag, men elevtalet vil auka på utover veka, så då må vi få til ei løysing ettersom bussane berre kan køyra med halv passasjerkapasitet, forklarar rektoren.

Tysdag opnar også kantina opp igjen. Då med eit litt redusert varetilbod.

Korona-vakt

Bjelland fortel om ein flink gjeng med elevar, som er gode på å hugsa reglane.

– Men berre for å vera på den sikre sida, er to av personalet omstilt til å passa på. Ja, kall det gjerne korona-vakter om du vil.

Oppgåva vil rullera, og det er miljøfagarbeidarane Gunn Astrid Vasslid og Ola Grasdal som har fått første «skift». Til vanleg jobbar dei begge på Kvardagsliv-gruppa.

– Vi skal passa på at dei held avstand, og går litt rundt både ute og inne og følgjer med, fortel Vasslid.

Ho har også vore med å rydda klar kantina, og fjerna mange stolar.

Klistremerke i golvet skal minna elevane på å halda avstand i kantine-køen, då denne opnar igjen tysdag.

Klistremerke i golvet skal minna elevane på å halda avstand i kantine-køen, då denne opnar igjen tysdag.

– Så har vi også fått på plass klistremerke på golv og rundt om i klasseromma, forklarar Grasdal.

Dei er begge einige med rektoren, om at elevane er flinke til å hugsa reglane.

Men Grasdal fortel at det kan vera fort gjort å gløyma seg litt ut.

– I ei lita gruppe tenkjer ein jo kanskje at «det er jo ingen av oss som er smitta», og ofte dersom ein bur i lag eller er mykje saman på fritida, tenkjer ein at det ikkje er så farleg med denne avstanden. Då må vi bort å minna dei på reglane, og at ein aldri veit kven som kan vera smitta, forklarar han.

Herleg med avbrekk

Venninnene Kaia Olderkjær, Emely Hjelmeland, Celina Asmervik og Aila Kordo sit med éin meters avstand i kantina då Kvinnheringen kjem innom. Dei går andre året på studiespesialiserande, og er einige om at det no var fint å koma tilbake.

– Det var herleg med eit lite avbrekk frå heimekontoret no, seier Kordo, før Olderkjær legg til:

– Ja, ein blir veldig lei av å berre vera heime.

(f.v) Emely Hjelmeland, Kaia Olderkjær,  Aila Kordo og Celina Asmervik syntes det, trass alt, var kjekt å vera tilbake.

(f.v) Emely Hjelmeland, Kaia Olderkjær, Aila Kordo og Celina Asmervik syntes det, trass alt, var kjekt å vera tilbake.

Men Kordo er på si side ikkje berre begeistra for å vera tilbake.

– Det er veldig kjekt å sjå alle igjen, men samstundes er det kanskje litt unødvendig? spør ho seg sjølv, og dei andre, før ho held fram:

– Ein går jo litt i sommarferie-modus, og blir også ganske vane med å vera heime. Og kanskje litt lat, ler ho, medan venninnene nikkar forsiktig.

Asmervik synest mellom anna det har vore vanskeleg å vita kva dagar ein kan få koma på skulen, og kva dagar ein skal halda seg heime.

– Akkurat den delen har vore litt kaos. Så det er både fordelar og ulempe med å vera tilbake, konkluderer ho.

– Korleis har det vore med tanke på alle dei nye smitteverntiltaka då?

– Det går stort sett greitt, men nokre gonger gløymer ein seg litt ut. Mellom anna dette med at vi ikkje skal ta på telefonane til kvarandre, seier Kordo, medan resten av gjengen ler.

Reinhald

Reinhald er viktigare enn nokon gong, og etter kvar time skal elevane mellom anna hugsa å vaska av pultane sine med sprit.

Areekaj Austheim jobbar som reinhaldspersonell på KVV. Ho kan fortelja om svært travle dagar.

Areekaj Austheim har ansvar for reinhaldet på KVV. Det har blitt travle dagar.

Areekaj Austheim har ansvar for reinhaldet på KVV. Det har blitt travle dagar.

– Vi må sjølvsagt vaska mykje meir enn kva vi har gjort tidlegare. Vi må vera effektive, men samstundes gjera det nøye, forklarar ho.

Ho tenkjer heile tida på smittevern, og er nøye med kva ho gjere.

– Det er viktig å halda avstanden, og så går eg med hanskar når eg vaskar. Både dørhandtak og toalett skal vaskast ofte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags